Det seier Kjetil Bjørset, som er styreleiar for Langeland Skisenter.
Myrvatn i førarhuset
Det har lenge vore eit ønskje frå dei skiglade om å få oppkøyrt den populære turløypa rundt Gjøset. Denne helga tenkte dei å gjere eit nytt forsøk. Men dei hadde ikkje meir enn så vidt kome utanom dei faste vegane med trakkemaskina før dei blei meir enn tydeleg at oppkøyringa av Gjøsetløypa måtte utsettast ei stund til. For brått skvalpa myrvatnet inn i førarhuset på trakkemaskina. Med andre ord sat maskina djupt og godt fast i myra. Ein traktor med vinsj måtte tilkallast for å få ho laus att.
Finst ikkje tele i jorda
- Vi har vore borti milde vintrar før, men det spesielle i år er at det ikkje finst tele i jorda, seier Bjørset. Likevel har det vore bra løyper i det næraste området rundt Langeland, der løypetraseane er lagde på fast grunn.