Hopp til innhold

Trafikkulukke mellom Fodnes og Årdalstangen

Ein person er sendt til legevakt med ambulanse etter ei bilulukke på Fv 53, om lag to kilometer frå Årdalstangen.

Bilulukke ved Årdalstangen

Trafikkuhellet mellom to bilar skjedde klokka 20.36 i dag.

Foto: Jan Christian Jerving

SISTE: Like før klokka 22.30 onsdag kveld melder politiet at begge førarar var avhøyrde på staden. Ein vart dimittert, mens den andre fekk førarkortet inndrege og det vert oppretta sak mot denne. Staden er no rydda og vegen er open igjen.

Tidlegare i kveld melde vi dette:

Alle naudetatar er på staden. Det skal vere store materielle skader.

– Vegen er stengd og det er ein god del å rydde opp på staden, sa operasjonsleiar i politiet, Marianne Faleide kring klokka 21 onsdag kveld.

Politiet på staden

Klokka 21.45 onsdag kveld var politiet på staden og la ut følgjande melding på Twitter:

Laster Twitter-innhold

Samtidig hadde Helse Førde følgjande oppdatering på skadesituasjonen:

Laster Twitter-innhold
Bilulukke mellom Fodnes og Årdalstangen