Hopp til innhold

Trafikkulukke i Eikefjord

Ein mann i 70-åra er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 5 ved Eikefjord.

Eikefjord

Naudetatane rykka ut då dei fekk melding om trafikkulukka i Flora kommune.

– Det er snakk ein person som har fått eit illebefinnande, seier operasjonsleiar Hans Erik Thue ved Vest politidistrikt.

Mannen i 70-åra fekk hjelp av ambulansepersonell. Bilen hamna i autovernet i låg hastigheit, og det er mindre materielle skader på bilen.

Det var ein person i bilen, og ingen andre bilar var involvert i ulukka. Like etter var det kø på staden fordi vegen sperra ein køyrefeltet. Vegen er no open for fri ferdsel.