Hopp til innhold

Trafikkauken på ferjene held fram

Trafikken på dei fleste store ferjesambanda i fylket har auka jamt dei siste åra. 2017 blir ikkje noko unntak.

Full Tau-ferje som legg til land i Stavanger

TRAFIKK: Det blir berre meir og meir travelt for ferjene i fylket (illustrasjonsfoto).

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Tal frå Statens vegvesen viser at biltrafikken på dei store ferjesambanda i fylket framleis aukar.

E 39-sambandet Lavik-Oppedal har hatt ein auke i sju av årets første ni månadar. Her fraktar ferjene no 1 600 bilar i døgnet i gjennomsnitt.

På det største sambandet, Fodnes-Mannheller, var det trafikkauke i like mange månadar som Lavik-Oppedal, med størst prosentvis auke i april og juli.

Trafikken her er no så stor at ferjene på dei travlaste dagane fraktar nesten 3 500 bilar i døgnet (juli).

Kari Grønfur og Arne Grønfur

TRIVST: Kari og Arne Grønfur tykkjer det er greitt med ferje og merkar lite til trafikkauken.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Bru eller ikkje bru

Michael Kristensen, som tok ferja Lavik-Oppedal i går ettermiddag, merkar lite til trafikkauken.

– Men eg ville gjerne unngå den. Det tek mykje tid og vi er mykje plaga med innstilte avgangar. Dessutan kan det bli dyrt med mange ferjer, spesielt om du skal over lengre strekningar og har med hengar, seier Kristensen.

Kari og Arne Grønfur merkar også lite til trafikkauken, og likar ferjeturane.

– Vi snakka akkurat om at det burde vore ei bru her. Men eigentleg likar eg denne greia ved fjorden. Spesielt når det ikkje er lange køar og vi kjem rett på ferja, seier Kari Grønfur.

Michael Kristensen

VIL HA BRU: Michael Kristensen meiner Lavik-Oppedal bør erstattast med bru og tykkjer kostnadane med mange ferjer kan bli høge.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Rolegare i midtre

Biltrafikken på Anda-Lote i Nordfjord har auke i fem av årets ni første månadar. Medan driftsproblem set sitt preg på fleire av månadane, gav juli og august ein stor vekst. På Anda-Lote går det no over 1 300 bilar i døgnet i gjennomsnitt.

Riksvegsambandet Hella-Vangsnes i Midtre Sogn har nedgang i alle sommarmånadane, ifølge statistikken til Statens vegvesen. Her køyrer knappe 400 bilar i døgnet i gjennomsnitt.

Den totale trafikkveksten på vegane og ferjene i Sogn og Fjordane har siste året vore på 1,5 prosent, ifølge trafikkindeksen til Statens vegvesen.

I april åleine auka trafikken med 3,5 prosent i høve same tid i fjor. Det var den nest største auken i landet den månaden.

Gode tider skaper trafikk

Forskar Askill Halse ved Transportøkonomisk Institutt (TØI) forklarer at betre råd og auka inntekter i samfunnet, gjer at folk brukar meir pengar på å reise.

Askill Harkjerr Halse

FORSKAR: Askill Halse ved Transportøkonomisk Institutt.

Foto: Pressebilde

– I tillegg gjer betre vegar og betre transporttilbod at folk reiser meir, seier forskaren.

– Vil trafikkauken flate ut på eit tidspunkt?

– Det er mykje som tyder på at folk brukar like mykje tid på å pendle til jobb som før. Men betre vegar gjer at ein kan pendle over lengre avstandar enn tidlegare. Det betyr meir trafikk, seier Halse.