Torsheim får ku og utstilling i 75-årsgåve

I morgon fyller multikunstnaren Oddvar Torsheim 75 år og heile denne helga blir det feiring fleire stader i Sogn og Fjordane.

Når kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 75 år laurdag, skal han få seg ei ku i bursdagsgåve. Og det blir på ingen måte ei heilt vanleg ku.

SJÅ VIDEO: Oddvar Torsheim får ku i gåve – søndag er det avduking i Naustdal.

I Naustdal der den kjende kunstnaren vaks opp, kom ei den eine gåva på plass denne veka. Her skal dei feire Torsheim med ei gigantku med ein grøn kalv inni.

– Eg har sett fram til dette. For ein jobb dei har gjort. Eg likar fargen på kalven. Det er ikkje ofte eg får eit kick, men denne kua har rørt noko i meg, seier ein oppglødd Oddvar Torsheim når han får sjå den.

Kua er laga av kunstnaren Geir Hjetland. Den er av stål, er fire meter høg og veg 1700 kilo. No skal den stå i sentrum der Torsheim vaks opp og søndag blir det avduking av «Kyra» på Sanden i Naustdal.

Stiller ut 150 verk

Morten Johan Svendsen

STOR UTSTILLING: Museumsdirektør Morten Johan Svendsen ved bileta som er inspirasjon til statuen Kyra.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Skulpturen er inspirert av måleriet «Nedkomsten» som Torsheim lagde i 1972 og som no heng på jubileumsutstillinga hos Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Laurdag opnar utstillinga og det blir stilt ut 150 verk heilt attende frå 1959 og fram til i år.

Vil formidle den store produksjonen

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen har hatt mykje å velje i når han har førebudd jubileumsutstillinga til Oddvar Torsheim.

– Vi har først og fremst lagt vekt på at Torsheim har ein enormt stor produksjon. For å formidle eit inntrykk av dette, har vi teke ut 150 arbeid som vi har hengt opp tett i tett, seier han.

Bilete med erotisk snert

Svendsen seier at kunsten til Torsheim har betydd mykje for han.

– Den formidlar eit verdisyn og eit politisk syn som eg har stor forståing for. Eg har følgt med Torsheim heilt sidan tidleg på 70-talet, seier Svendsen.

Av det enorme materialet til Torsheim har det også dukka opp bilete som ikkje har vore vist før, og i ein litt annan sjanger enn me kanskje er vande med å sjå han.

– Vi har lagt vekt på å ta fram mindre kjente sider av Torsheim. Dette er bilete han ikkje har vist før, nemleg ein del erotiske teikningar og dei er veldig gode. Det er teikningar med erotisk snert.