Hopp til innhold

Får eigen konsert i bursdagsgåve

Jorunn Torsheim veit akkurat kva ho skal gje far sin, Oddvar Torsheim, i 75-årsgåve.

Oddvar Torsheim frå NRK sitt jubileum 2009

FYLLER ÅR: Oddvar Torsheim fyller 75 år 2. november.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sopranen trommar nemlig saman eit lag musikarar som skal backe faren hennar i Logen Teater 8. oktober.

– Han har jo hatt konsertar på mindre scener, men no tenkte eg at det kunne vere kjekt at han fekk ei større scene, seier Jorunn Torsheim til Bergens Tidende.

Jorunn Torsheim

DOTTER: Jorunn Torsheim hadde lyst til å finne på noko i Bergen i høve faren sin bursdag.

Foto: Yina Chan

Konserten finn stad ein knapp månad før multikunstnaren fyller 75 år 2. november. Med i bandet blir mellom andre Arvid Wam Solvang, Pål Bråtelund og Gisle Børge Styve. Sistnemnde er frå Førde.

– Finn Tokvam er og med. Det blir eit musikkalas, jublar Jorunn Torsheim som sjølv skal kore.

Hovudpersonen sjølv gler seg.

– Eg håpar eg klarer å leve opp til dette. Det blir vel laus snipp. Og skulle det bli fiasko, får eg bli skikkeleg fiasko, seier Oddvar Torsheim til Bergens Tidende.