Hopp til innhold

Tør ikkje bu i bygda lenger - no flyttar heile familien til hytta si

Sonja Øvre-Flo tek med seg familien og flyttar vekk frå bygda si. Rasa i romjula har skremd ho vekk.

Sonja Øvre-Flo og Jon Gulbrand Kveen Øvre-Flo saman med borna

VIL FLYTTE: Sonja Øvre-Flo og Jon Gulbrand Kveen Øvre-Flo saman med dei fire borna i alderen fire til 14 år: Helga-Linnea (4 år), Jon-Kristoffer (6), Joanna (8) og Sunniva (14).

Foto: Privat

Det er Bergens Tidende som i dag fortel om familien på seks som ikkje tør bu i huset sitt på Flo om vinteren. Årsaka er den utrygge vegen til bygda.

Snart flyttar dei inn i hytta som ligg i nærleiken av Stryn sentrum. Familien vil behalde huset sitt og heller bu der om sommaren.

– Vi har ingen ungar å miste. Og ungane kan ikkje ha ei mor som er utrygg, seier Sonja Øvre-Flo til avisa.

Då orkanen Dagmar herja, blei den vesle bygda med 65 innbyggjarar utan vegsamband i fleire dagar etter at det gjekk store ras i romjula. Tre personar heldt på å bli tekne av rasa då dei kom køyrande.

Klarer ikkje å venje seg til det

Stryn kommune var også utan straum og telefon då steinane kom rasande ned fjellsida. Det tok fleire timar før det blei slått fast at ingen personar eller bilar var råka.

– Eg er innflyttar, men sjølv etter 11 år har eg ikkje klart å venje meg til denne vegen vi har no.

Då bygda var isolert, blei ho og ungane henta ut med helikopter.

Ønskjer å flytte tilbake

På Vegvesenet sin rassikringsplan er vegen til Flo på femte plass over fylkesvegar dei meiner bør rassikrast. Vegvesenet ser for seg ein tunnel frå Mindresunde til Flo og trur denne vil koste om lag 175 millionar kroner.

– Kjem det ein ny veg, flyttar vi tilbake, seier ho.