Hopp til innhold

Tok til tårene etter historisk siger

Vidar og Jorunn Heggheim måpte då hingstane deira tok både første- og andreplass under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Så kom tårene.

Hingst

SJEKK DEN HINGSTEN: Birkelid Tullen er hingsten som blei kåra til spiss og dagens hingst under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Her med Vidar og Jorunn Heggheim.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Dette er stort og utruleg kjekt, seier ein rørt Heggheim.

Auga til den røynde hestekaren frå Naustdal var alt anna enn tørre, og ikkje utan grunn. For første gong i den over 100 år gamle utstillinga har same eigar to hingstar i topp.

Fjordhesten Birkelid Tullen blei både spiss og dagens hingst. I same klasse blei hesten Birkelid Nimo kåra som nummer to.

– Alle som har styrt med dette veit kor vanskeleg det er. Ein kan vel ikkje oppnå noko større for oss som driv med fjordhest, seier Heggheim.

– Eg møkka og han køyre

Gratulasjonane ville ingen ende ta på Nordfjordeid. Jorunn Heggheim hadde hendene fulle av premiar. Saman med ektemannen legg ho ned uendeleg med timar i hestehald.

– Eg møkka og han køyre, så det er ein felles innsats, ler ho.

Frå hestane kom til verda har ekteparet tatt seg av hingstane dag og natt. Hestane er som familie. Tårene fell for sigeren, men òg for at dyra no skal vekk frå garden.

– Vi jobbar dag ut og dag inn for dette, så då grin vi litt. Tårene trillar allereie no, seier ho.

Hest

STAKK AV MED SIGEREN: Sini Marie Næs mønstra Birkelid Tullen under hingsteutstillinga på Nordfjordeid. Her med Vidar Heggheim.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

30 år med lidenskap for fjordhest

Kjærleiken for fjordhest har han hatt heilt sidan tenåra. No har det blitt til 30 år med lidenskap for hesterasen.

– Å ta vare på fjordhesten på ein god måte er mitt virke. Vi jobbar kvar dag for å ta vare på desse hestane.

Håpet til ekteparet er at hingstane skal få fram fleire flotte fjordhestar om nokre år, men no er det tid for ei lita pause.

– På sundag skal eg ikkje køyre hest, humrar Heggheim.