Hopp til innhold

Orkan knuste turisthytta i 2011 – i dag tok dei første steg for erstattaren

VEITASTROND (NRK): Ekstremvêret løfta den over hundre år gamle turisthytta opp frå grunnmuren og knuste den til pinneved. Sju år etter er det første byggesteg tatt for å få på plass ei ny hytte.

Atle Hamar og Ivar Kvalen avduker steinen

AVDUKA STEIN: Statssekretær Atle Hamar og ordførar Ivar Kvalen avduka den første grunnsteinen. – Det er ein stein frå tuftene til den gamle turisthytta. Den steinen skal vi plassere i grunnmuren til den betente hytta, seier styreleiar i Luster Turlag, Ole Schanke Eikum.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Tungestølen
Foto: Hildegunn S. Heggestad

– Vi har jobba med prosjektet i mange år og no er første spadetaket teke for nye Tungestølshytta. Målet er at ho skal stå ferdig sommaren 2019, seier ordførar Ivar Kvalen.

Knust i orkan

Det var stummande mørke og ein brølande vind då romjulsorkanen Dagmar fillerista Tungestølen turisthytte sønder og saman. Berre grunnmuren stod att etter at hytta blei knust, og spreidd rundt på stølsområdet låg plankane etter 101-åringen.

Anne Mari Aamelfot Hjelle

NYTT TUN: – Vi ynskjer oss tilbake til tunet som gamle Tungestølen hadde med små bygningar. Først kjem det eit felleshus, så kjem det mindre hytter etter kvart, seier Anne Mari Aamelfot Hjelle.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Eg kunne ikkje forstå at alle bygningane var vekke, men så kom tanken om at dette måtte vi gjere noko med, seier Anne Mari Aamelfot Hjelle, dåverande assisterande generalsekretær i DNT.

Både grunneigarar, lokalbefolkning og kommunen var einige, for ein ny start måtte til. Sju år etter at Dagmar la turisthytta i ruinar blei grunnsteinen lagt på laurdag.

Oddbjørn Ramstad speler for dei frammøtte

SPELTE: Dei mange frammøtte fekk mellom anna høyre Oddbjørn Ramstad spele.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

I konkurranse med 66 andre arkitektfirma var det til slutt Snøhetta som stakk av med oppdraget om å teikne den nye Tungestølen.

Kjøtkakene til «Gamle-Randi»

Grunnsteinen på nye Tungestølen turisthytte

GRUNNSTEINEN: Dette er den første steinen for Tungestølshytta.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Romjulsorkanen viste ingen nåde på si ferd. Heller ikkje for ei hundreåring. I 2010 blei jubileet til Tungestølen feira med brask og bram. Året etter var alt vekk.

Den tidlegare assisterande generalsekretæren hugsar godt første gongen ho besøkte hytta som brevandrar på 70-talet, og ikkje minst lukta av middagen som blei servert.

– Etter ein lang tur fekk vi ei fantastisk mottaking av «Gamle-Randi» og broren. Dei serverte oss kjøtkaker og alt var som eit eventyr, seier Aamelfot Hjelle, som i fleire år var vert på Tungestølen.

Ole Schanke Eikum

PLASSERTE: Raude band viser korleis dei ulike bygga blir ståande i terrenget. – Det gir oss eit inntrykk av korleis den nye turisthytta blir i framtida, seier styreleiar Ole Schanke Eikum i Luster Turlag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

For mange er det ekstra spesielt at det no kjem nye bygg i stølsområdet under Jostedalsbreen.

– Mange snakkar om tida før og etter nye Tungestølen. Spesielt er det viktig for Veitastrond, meiner ho.

– Bra for Indre Sogn

Det tenkjer også ordførar Kvalen.

– At vi no får eit så flott bygg og tilbod, er ikkje berre bra for Veitastrond, men for heile Indre Sogn som turistdestinasjon, seier ordføraren.

Aud Marit Hilleren

GLER SEG: Aud Marit Hilleren ser fram til å få kjøpe den første kaffikoppen på nye Tungestølshytta. – Det vart stillare her etter Dagmar, seier ho.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Aud Marit Hilleren gler seg til hytta står klar.

– Det vil tilføre meir folk her. Det trenger vi. Etter at 2011 har det ikkje vore så mykje folk her som før, seier ho.

– No gjer vi siste finpuss på planane før vi søkjer kommunen om byggjeløyve. Får vi ferdig grunnarbeid og fundament til felleshuset i haust, og kjem tidleg i gang med bygginga neste år, så kan vi invitere til opning august 2019, avsluttar styreleiar i Luster Turlag, Ole Schanke Eikum.