Tungestølen turisthytte er vekk

Den 101 år gamle Tungestølen turisthytte i fjella over Veitastrond er berre pinneved etter at uvêret Dagmar var på ferde natt til andre juledag.

Tungestølen knust

RASERT: Dette er det som er att av Tungestølen turisthytte.

Foto: Gabrielle Neset

– Hytta er totalt øydelagt. Sjølve hytta er lyfta av grunnmuren og knust til pinneved, så der står berre grunnmuren att, fortel Bjørn Skovly.

Soveannekset ved sidan av sjølve hytta, har fått store skadar.

– Det selet som stod ved sidan av er lyfta av grunnmuren og slengt opp ned lenger ned i skråninga, seier Skovly.

Sikker på at det var folketomt

Han meiner ein kan vere heilt viss på at det ikkje var folk på Tungestølen då uvêret herja.

– Dette skjedde natt til 2. juledag, så det var ikkje folk der då. Det er heller ikkje veg inn der vinterstid, så då må ein gå på ski, seier Skovly.

Han fortel om massive øydeleggingar også i Veitastrondsbygdi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Grunnmuren

GRUNNMUREN: Dette er alt som er att.

Foto: Gabrielle Neset

Blese av tak og veggar

– Det er store skadar. Samtidig har det vore svært mange skadar på bygningar på sjølve Veitastrond også, seier Skovly.

Fleire driftsbygningar har fått skadar både i veggar og på tak.

– Det har blåse veldig, og uvêret har tydelegvis treft oss veldig dårleg. Det er driftsbygningar som nesten er heilt øydelagde og mange som har fått store skadar, seier Skovly.

Han bur til dagleg på Veitastrond. Dei har vore avskorne frå omverda grunna ras, men vegen er no opna.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tungestølen Turisthytte

ALDRI MEIR: Dette synet er fortid. Hytta på Tungestølen står ikkje meir.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Håpar på ny reserveløysing

– Vegen vart opna i føremiddag, men det skal ikkje mykje til før det blir stengd att. Det ligg utruleg mykje skog oppe i sidene, seier Skovly.

Framleis er veitastrendingane utan straum og telefon.

– Vi håpar veldig at det blir ordna, slik at vi får på plass ei reserveløysing til telefonsystemet. Det var ei batteritryggleik der, men den varte berre eit døgns tid, men no er all samband vekk, seier Skovly.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.