Hopp til innhold

To trafikkuhell på kort tid

Ei kvinne er sendt til legevakt etter ei trafikkulukke i Sogndal.

Kjørnes

– Vi fekk melding kl. 16.40 om ein bil som hadde køyrd ut av vegen ved Kjørnes mellom Sogndal og Kaupanger, seier operasjonsleiar for politiet sin operasjonssentral i Bergen, Bjarte Rebnord.

Det var ei kvinne i 20-åra i bilen. Ho er no frakta til legevakt i Sogndal.

– Kvinna sa ho var svimmel, så patruljen tok ho med til lege. Patruljen vil prate meir med kvinna der, seier Rebnord.

Politiet melder om at det var særs glatt på staden.

Laster Twitter-innhold

Kolliderte i lyskryss

I Førde kolliderte to bilar i eit lyskryss midt i Førde sentrum.

– Vi fekk melding om at den eine av sjåførane var noko hissig etter uhellet, seier Rebnord.

Då politiet kom fram var begge sjåførane vekke frå staden.

– Vi fekk beskjed om at sjåførane var blitt einige, men det låg framleis nokre bildelar der uhellet hadde skjedd, seier Rebnord.

Politiet vil no følge opp saka.