Bilen dei køyrde hamna på taket, men begge kom seg ut. Ulukka skjedde i nærleiken av avkøyringa til Indre Rød.
Meldinga om ulukka kom like etter klokka 5, og naudetatane rykka ut. Det blei først meldt at dei to i bilen blei tekne med til legevakt.
– Det er førebels uvisst kva som er årsaka til ulukka, og vi skal gjere avhøyr, seier operasjonsleiar Arve Samsonssen.
Etter ulukka var det ei stund manuell dirigering, men det er no fri ferdsel forbi ulukkesstaden.