Hopp til innhold

To tenåringsjenter gjekk seg ville – måtte bergast av helikopter

På grunn av dårleg mobildekning sleit politiet og Hovudredningssentralen med å finne jentene.

Leiteaksjon

– Det var lite mobildekning i området. Vi fann GPS-posisjonen og valde saman med Hovedredningssentralen å sende ut eit helikopter, seier Marianne Føleide, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Helikopteret fann etter kvart tenåringsjentene. Då hadde dei vore ute i fleire timar.

– Jentene hadde vore på tur sidan kl. 18. Politiet fekk inn meldinga om at dei hadde gått seg vill kl. 02.34 natt til laurdag, seier Føleide.

Tenåringane skulle gå frå Stongfjorden til Nipebu i Askvoll, då dei kom vekk frå stien og gjekk seg vill.

Det skal stå bra til med begge jentene.

Laster Twitter-innhold