Av:
Ragnhild Eikenes
Politiet i Førde hanka i går kveld inn to personar for bruk og oppbevaring av narkotika. Mindre mengder hasj og tablettar vart funne på staden og tekne hand om av politiet. Dei to mennene er heimehøyrande i Førde og tidlegare kjenningar av politiet.