Hopp til innhold

To mindreårige til sjukehus etter hyttebrann

Fem personar kom seg ut på eiga hand, då hytta dei var i byrja å brenne utanfor Hafslo natt til laurdag. To personar under 18 år vart sendt på sjukehus.

Hyttebrann Hafslo

Operasjonsleiar på politiets operasjonssentral i Florø, Per Rimmen, seier at alle fem som var i hytta var vakne då brannen starta og dei melde sjølv frå om røykutviklinga.

– Dei som vart sendt til sjukehuset hadde blitt eksponert for røyk. Kor lenge dei blir der avgjer helse, seier Rimmen.

– Førebels veit vi lite om brannen. Det var fem personar i hytta som melde frå då dei oppdaga at hytta var røykfull. Det var ikkje opne flammar, seier vaktleiar på Alarmsentralen for Sogn og Fjordane, Jan Gunnar Holvik.

Det var ei blanding av barn og vaksne i huset då branntilløpet skjedde og dei kom seg ut på eiga hand. Då ambulansepersonell kom til staden fekk alle ein grundig helsesjekk og to personar vart sendt til sjukehuset i Lærdal for observasjon.

Naudetatane rykka ut, og ein time etter at brannen vart varsla melde politiet på Twitter at brannen var under kontroll.

– Brannmannskapa måtte rive ned vegger for å komme til bak skorsteinen der røyken kom frå. Vi veit ikkje kva som starta brannen, men det har skjedd i området rundt eldstaden, seier Holvik.

Det skal vera skader på vegg og tak i området rundt eldstaden, men det er ingen synlege skader frå utsida av huset. Årsaka til brannen er framleis ukjende, men det vil bli gjort tekniske undersøkingar.

Laster Twitter-innhold