Dei to jentene på 18 og 19 år, som ikkje vil stå fram, fortel til NRK at dei laurdag kveld var på utestaden Riverside i Førde sentrum. Då jentene gjekk frå utestaden litt før klokka to natt til søndag kom ein ukjend mann etter dei.
Forbi drapsstaden
Jentene sin heimveg frå sentrum går forbi staden der Anne Slåtten vart funnen drepen, og dei bur vel ein kilometer i frå sjølve åstaden.
Mannen som jentene trur er i 20-åra, følgde etter dei heile vegen heim, men tok ikkje direkte kontakt. Like ved staden der Anne Slåtten måndag vart funnen drepen, skal jentene ha blitt så redde at dei la på sprang.
Kom inn i huset
Mannen tok dei att og følgde etter dei heilt inn i kjellarhusværet i området Grovene. Veninna som bur i huset bad mannen gå, og han skal då ha gått frå husværet utan større problem.
- Litt rar
Dei to jentene omtala mannen som litt rar, og han skal ikkje ha sagt nemneverdig til dei. Mest truleg er det snakk om ein lokal person. Han var mørk blond og sa han budde få kilometer ifrå Førde sentrum.
Skremmande
Episoden skjedde berre nokre få timar før Anne Slåtten skulle på jobb og forbi same området. Jentene vart svært skremde, og redsla vart ytterlegare forsterka då det måndag vart kjent at ei jente vart funnen drepen i nabolaget.
Tysdag gjekk dei sjølve til politiet, og dei vart avhøyrde med ein gong. Lensmann Kjell Fonn vil ikkje utdjupe kor viktig dette sporet er i jakta på drapsmannen til Anne Slåtten, og han vil heller ikkje opplyse om mannen er identifisert.