Hopp til innhold

I denne båten rodde brørne frå Bergen til Almenningen i Vågsøy

I tre år har Halvor (34) og John Kåre Bernås (44) drøymt om å ro frå Bergen til heimstaden Almenningen i Vågsøy. Fredag ettermiddag nådde dei målet, etter 220 kilometer og åtte dagar i robåt.

Halvor (34) og John Kåre Bernås (44) kom fram til Almenningen i Vågsøy

JUBEL: Brørne Halvor og John Kåre Bernås kom fram til Almenningen i Vågsøy fredag ettermiddag.

Foto: Privat

  • Saka vart først publisert fredag morgon, men er oppdatert etter at brørne nåddet målet på Almenningen.

Då vi kom fram til målet ved Almenningen stod det 35 personar med norske flagg og tok i mot oss. Det var veldig kjekt. Og på den siste etappen passerte vi ved foten av Hornelen, det var ei stor oppleving, seier Halvor Bernås etter at roturen var over.

NRK snakka med Bernås torsdag kveld då dei hadde nådd sitt siste stopp før dei nådde målet for turen.

– I dag hadde vi heilt enormt med medvind og fekk rodd over fire mil. Vi kunne ikkje hatt betre vêr enn det vi har hatt på turen, sa han då.

Då var brørne kome fram til Gulestøa i Bremanger. Men turen starta ved Straume bru i Bergen og derifrå til Almenningen i Nordfjord er det over 220 kilometer.

Den elleville ideen kom fleire år tilbake i tid.

John Kåre Bernås og Halvor Bernås

LANG TUR: John Kåre Bernås (t.v.) og Halvor Bernås har brukt dei åtte siste dagane på å ro over 220 kilometer langs kysten, frå Straume bru i Bergen til Almenningen i Vågsøy.

Foto: Privat

Draumevêr

Brørne Halvor og John Kåre Bernås vaks opp på Almenningen i Vågsøy, men dei siste åra har begge budd i Bergen. Då Halvor kjøpte ein kajakk for nokre år sidan spurde han broren om han ville vera med å padla heim til Almenningen. Etter litt fram og tilbake var dei einige om å ta turen i robåt.

– Vi har snakka om det sidan 2016, men med sambuar, kone, ungar og jobb har det ikkje blitt tid før. I fjor sommar såg vi at påska i år kunne passe bra og vart einige om at då gjer vi det, seier Halvor.

Halvor Bernås og John Kåre Bernås

SOLSKINN: Halvor Bernås (t.v.) og John Kåre Bernås vart sponsa med regntøy føre roturen, men så langt har det ikkje vore brukt for det. – Det har ikkje kome ein einaste regndrope til no på turen, seier Halvor.

Foto: Privat

Turen starta dei på førre fredag og vêrmessig kunne det ikkje ha blitt betre. Treninga i forkant derimot.

– Oppladinga har vore laber. Eg hadde to rundar på 30 minutt på romaskin i januar. Bror min trenar litt styrke, men ikkje roing. Likevel har det gått veldig bra. Vi frykta blemmer i nevane, men vi har rodd med hanskar så det har gått overraskande bra, seier Halvor.

Ro

Godt humør

I dag skal dei etter planen nå målet, Almenningen. For vêrvarselet er nok ein gong på deira lag.

– Det er meldt medvind igjen. Det er stor skilnad på om ein får medvind eller sidevind. Vi startar tidleg og skal nå Almenningen i kveld, seier Halvor.

Langs vegen har dei sove i telt fleire stadar langs kysten.

– Vi har sett utrulege solnedgangar, hatt fantastiske teltplassar og sett fleire havørner. Det har vore heilt fantastisk.

Og sjølv om dei har sete i same båt, time inn og time ut, dei siste dagane er humøret framleis på topp.

– Det er ti år i aldersforskjell på oss, men vi har eit utruleg godt samhald og lik humor. Dei gongane det har vore gnissingar mellom oss er det fordi vi har prøvd å fyra kvarandre opp, men så ler vi så vi grin etterpå, humrar Halvor.

Ror frå Bergen til Måløy
Foto: Privat
To brør ror frå Bergen til Almenningen i Vågsøy.