Jølsterkvinna trudde nesten ikkje sine eigen auge då ho såg kva som låg i posten for nokre dagar sidan. Ho har aldri før fått noko bot, og no var det komme eit parkeringsgebyr frå 2002 på over 1300 kroner for feilparkering i London, ein by ho aldri har vore i. - Eg har aldri vore utanfor landets grenser med bilen, seier ho. - Eg var i Jølster og gikk på krykker fordi eg hadde brote foten.
Ventar på eventuelle nye krav
Loftheim Sunde synes det heile er svært lite triveleg. Ho trur nokon må ha forfalska bilskilta eller at det kanskje er nokon som er ute etter å lure henne. Bakpå brevet står det at viss ho ikkje betalar vil saka kome for retten. No veit ikkje Jølsterkvinna kva ho skal gjere. Førebels vil ho berre vente og sjå om det kjem nye krav.