NRK Meny
Normal

To aksjonistar bøtelagde for andre gong - han skjønar ikkje kvifor dei held fram

VEVRING (NRK): To av dei fire aksjonistane som torsdag vart fjerna frå anleggsområdet i Vevring, har trassa ferdselsforbodet dei vart pålagt tidlegare i veka.

Arvid Løvik forstår ikkje aksjonistane sin kamp mot gruvedrifta i Vevring.

POSITIV: Arvid Løvik meiner arbeidsplassar er viktigare enn fjorden. – Den er berre ei stor djup hole som ein godt kan fylle igjen, seier han.

Foto: Vidar Gudvangen

– Eg kan ikkje forstå at dei gjer det. For det har inga hensikt. Dei prøver å få fram sitt syn, og det har dei prøvd lenge. Når det no er godkjent, kan eg ikkje skjøne at dei skal halde fram på denne måten, seier Arvid Løvik, som bur i nedre Redal, og har utsikt rett mot Engebøfjellet.

Det er tredje dagen aksjonistar har protestert mot gruvedrift og fjorddeponi i Vevring. Dei fire som aksjonerte torsdag hadde lenka seg fast til anleggsmaskiner på toppen av Engebøfjellet. Tysdag fekk 15 aksjonistar 10 000 kroner i bot kvar, og ferdselsforbod i området, for å ikkje ha retta seg etter politiet sine pålegg om å fjerne seg frå området. Også torsdag vanka det bøter.

– Det var to nye som fekk 10 000 kroner i bot i dag. Og så var det to som kom igjen for andre gong, og dei har no eit samla førelegg kvar på 20 000 kroner, fortel Gunnar Englund, som har vore innsatsleiar på staden.

Nye aksjonar i Vevring på grunn av gruve og fjorddeponi i Vevring.

– Dei burde ikkje lenke seg fast

Medan aksjonistane har karakterisert fjorddeponiet og gruveplanane som miljøkriminalitet, og noko som vil skade fjorden og livet i den for framtida, er Løvik positiv til gruveanlegget som skal starte opp.

– Eg syns det er bra. Vi må først tenkje på arbeidsplassane. Desse gruveplanane kan ikkje ha noko betydning ut over fjorden. Det er berre ei stor djup hole som ein godt kan fylle opp, meiner Løvik.

Aksjonistane på si side er klare på at deira mål framleis er å stogge prosjektet.

– Vi er ved godt mot, og er klare til å halde fram aksjonane i dagane framover. Det kjem fleire folk i morgon, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Ho vil ikkje seie kva aksjonar det er aktuelt å gjennomføre.

Open dialog med partane

Politiet har dei tre siste dagane vore raskt på staden når aksjonistane har teke seg inn i anleggsområdet.

– Natur og Ungdom ringjer oss og seier ifrå med ein gong. I dag var dei tidlegare ute enn Nordic Mining. Vi har ein tydeleg og open dialog, fortel Englund.

Han vil ikkje kommentere om dei bur seg på nye aksjonar i anleggsområdet dei komande dagane. Aksjonistane har sagt at dei vil halde fram så lenge det trengst.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå