Sidan grunneigaren er den einaste som ha lov å jakte her, tyder alt på at det her dreier seg om tjuvjakt, seier politibetjent Agnar Bøyum.
Skotskade
Mannen som eig område der hjorten vart skoten, ville i går kveld utnytte det gode måneskinet til litt jakting. Han fekk auge på ein hjort som han felte, men då han kom fram til dyret vart det fort klart at han ikkje var den einaste som hadde skote på dyret.
- Dyret hadde få timar før fått ein skotskade i kjeven, fortel Bøyum. Skytinga må ha funne stad ein gong mellom klokka 22 og midnatt i går kveld.
Miljøkriminalitet
– Dette er miljøkriminalitet, og det er eit prioritert område, seier Bøyum.
Så langt har politiet funne bilspor som dei meiner kan ha samanheng med tjuvjakta, og dei vil gjerne ha tips frå publikum i saka.