NRK Meny
Normal

Tim tente håpet med hælen

Då Sogndal trengde det som mest, plukka Tim Nilsen fram ei scoring frå øvste hylle. – Eg var ikkje overraska over å sjå den gå inn, gliser spissen.

Ulrik Flo, Tim Nilsen og Rune Bolseth jublar over scoring.

VIKTIG: Sogndal var under streken, men to scoringar frå Tim Nilsen (t.v.), ei frå Ulrik Flo og ei frå toppscorar Mahatma Otoo, sende dei opp på kvalifiseringsplass.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

21-åringen frå Bergen møtte innlegget frå Petter Strand med hælen, og sende den via tverrliggaren og i nettmaskene til 2–1.

Etter scoringa handla det meste om Sogndal. Og lite om Haugesund.

– Eg er der for dei viktige anledningane, gliser tomålsscorar Tim Nilsen.

Viste seg tilliten verdig

Med tre poeng frå dei 11 siste kampane, er Sogndal, Haugesund, Brann og Sandnes Ulf i eit rotterace for å unngå nedrykk. Jubelen stod difor i taket då Ulrik Flo sende Sogndal forbi Brann og opp på kvalifiseringsplass etter 11 minuttar.

Laster innhold, vennligst vent..

Haugesund slo tilbake rett før kvilen ved Maic Sema. Nilsen sine to scoringar på fire minuttar etter pause sendte heimepublikumet i ekstase – og Sogndal tilbake på kvalifiseringsplass.

– Det kjennest fantastisk. Det er den type spelar eg er. Når nokon satsar på meg, så vil eg vise meg fortent til å starte og gi noko att, seier han.

Kan ikkje tenkje

Det gjorde bergensaren med stil. Hans tredje scoring for sesongen, og Sogndal si andre for kvelden, var plukka frå øvste hylle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Trenar Jonas Olsson og tomålsscorar Tim Nilsen om nedsablinga av Haugesund.

SJÅ VIDEO: Trenar Jonas Olsson og tomålsscorar Tim Nilsen om sigeren over Haugesund. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL)

Trenar Jonas Olsson seier han kjende heile veka at tida var moden for å gje Nilsen sjansen frå start, og heidrar 22-åringen for spontaniteten.

– Han er ein bra spelar på det viset. Han tenkjer ikkje så mykje, han berre gjer det, seier han.

– Eg er ikkje den smartaste, så dersom eg byrjar å tenkje så går alt utanfor, svarar Nilsen og ler.

Full kontroll på hælen

– Når eg spelar, så er det ikkje mykje tankar i hovudet mitt. Det er meir instinktet mitt, og i den situasjonen sa det utside i lengste. Då blir det mål, held han fram.

– Kva tenkte du då ballen gjekk i nota?

Tim Nilsen mot Haugesund.

ZLATAN: Tim Nilsen jobba iherdig til han vart bytta ut i det 70. minutt. Då fekk han til gjengjeld ståande applaus frå dei vel 3.000 tilskodarane.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Det var berre ei fantastisk kjensle. Det første som slo meg var at no vil alle kalle meg Zlatan igjen.

– Men det kom ikkje som noko sjokk at den gjekk inn. Eg har full kontroll på hælen, held han fram.

Viktig siger

Full kontroll hadde Nilsen også fire minuttar seinare då Ulrik Flo plukka opp returen frå hans eige, knallharde skot. Frå dødlinja plukka stryningen ut Nilsen som lett breisida ballen inn til 3–1.

Toppscorar, og Nilsen sin spissmakker for dagen, Mahatma Otoo, sette spikaren i den såkalla kista med si scoring få minutt før slutt.

– Det viktigaste er å ta poeng i dei kampane vi kan. Vi har mål om å overleve, og det trur eg 100 prosent sikkert at vi klarer, seier 22-åringen.

– Kan ikkje ta heilt av

Den trua har også Flo, for høvet høgreving, og den som starta målkalaset på Fosshaugane.

(Artikkelen held fram under videoen)

FKH-trenar Jostein Grindhaug og keeper Per Morten Kristiansen om tapet for Sogndal.

SJÅ VIDEO: FKH-trenar Jostein Grindhaug meiner Sogndal vann fortent. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL)

– Mange har sagt at toget er gått, at vi er ferdige og at det no blir nedrykk. Eg skal ikkje seie at vi klarer oss, men det er langt frå ferdig, seier han og allereie ser fram til å møte Vålerenga borte neste helg.

Samstundes åtvarar han både supporterar og medspelarar.

– Vi kan ikkje ta heilt av etter dette. Vi får sjå etter neste kamp, om det blir tre poeng då også, legg stryningen til.

Friskt Sogndal-lag

Sogndal gjorde seks bytte frå laget som vart utspelet i Sarpsborg. Flo, trur ikkje det var avgjerande for sigeren.

– Uansett kven som hadde spelt, så hadde det blitt same utfallet. Alle i gruppa var supertelt på å vise Fosshaugane at vi kan spele offensiv, god fotball. Alle vil bidra, og i dag var det ein kollektiv siger, seier han og har rett i at laget stod fram friskare enn på lenge.

Laster innhold, vennligst vent..