Politiadvokat Knut Broberg, seier dei her står overfor ei svært alvorleg sak.
- Det er ei alvorleg trafikksak, i det tiltalen går på promillekøyring kombinert med uaktsom køyring, seier Broberg.
To døydde - ei skadd
Det var ein februarkveld i fjor at mannen i 60-åra var på tur frå Årdalstangen i retning Øvre Årdal. Mannen var rusa og kom over i motsett køyrebane i ein høgresving. Og dette endte fatalt då han kolliderte med ein møtande personbil. To eldre kvinner døydde i samanstøyten, medan ei anna kvinne pådrog seg store skadar med brot i nakken og blødningar til lungesekken.
Kan få lang straff
Og Knut Broberg seier at mannen kan bli idømt ei lang straff for episoden.
- Eg ynskjer ikkja å spekulere i utfallet, men strafferamma for uaktsomt drap er på tre år, men kan skjerpast til seks år, seier Broberg.
Saka skal opp i Sogn Tingrett i starten av oktober i år.