Det var ein heller uvanleg gjenstand politiet i Florø fekk innlevert i september i fjor. Ut av flasketuten som var tetta med teip stakk det to leidningar. Ved nærare ettersyn viste det seg å vere ei skikkeleg bombe. Godt over halvkiloen med svartkrutt, og ein enkel men svært så funksjonell tennmekanisme. Den var mellom anna laga av glødetråden frå ei lyspære.
På fest
Plastflaskebomba dukka opp på ein fest i Florø - der ho gjekk på rundgang mellom festdeltakarane. Men den eine av dei tykkte det ikkje var noko særleg til leiketøy og tok den med seg til politiet.
Ein forsvarsingeniør har vurdert bomba, og konkludert med at den kunne medført livstrugande skader på menneske og store bygningsskader.
Truga
Mannen som no må møte i Sunnfjord tingrett tiltalt for brot på våpenlova har forklart at han hadde fått den frå ein namngjeven kamerat, utan at det nødvendigvis gjer saka hans noko betre.
Han er også tiltalt for trugsmål. Samtidig som bomba dukka opp skal han i følgje tiltalen ha halde ein stor kniv framfor ansiktet på ein annan - og sagt «du er min fiende».
Rettssaka startar i juli.