- Dette er svært uheldig, seier informasjonssjef Geirmund Henjum i Lotteritilsynet.
Førde-mannen kjøpte i mai i fjor aksjar i T5PC og vart tilsett i oktober i fjor som kontrollør ved Lotteritilsynet. Men trass i at alle dei tilsette ved tilsynet vert oppmoda om å informere om slike eigarforhold, så unnlet Førde-mannen å gjere det. Dette ser tilsynet alvorleg på.
Får fortsette i jobben
Det blir frå Lotteritilsynet presisert at mannen stort sett arbeidar som kontrollør av automatar, og at han ikkje har jobba med saker som har med pyramideliknande selskap å gjere. Mannen har beklaga at han ikkje informerte om aksjekjøpet. Henjum seier at gjort er gjort, og at dette ikkje vil få konsekvensar for mannen, som er tilsett i eit vikariat fram til 1. april.
Skjerpar rutinane
Lotteritilsynet vil no skjerpe inn rutinane for dei tilsette, men Henjum seier dei er avhengige av at dei tilsette er ærlege.