No har den same sakshandsamaren gått god for vegen, og grunneigar Ola Moldrheim er nøgd med det.
- Eg er takksam for det, seier Moldrheim
Klage frå naturvernforbundet
Men grunneigarane var ikkje like takksame i mai i år. Den 27. mai var det planlagt synfaring på Moldrheim. På det tidspunktet hadde Stryn formannskap sagt ja til bygging av ein 2,5 kilometer lang skogsveg. Men Naturvernforbundet klaga på avgjerda fordi ein del av vegen kom innom eit tidlegare framlegg til barskogreservat.
Samkøyring
Leiaren i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim, bur i Førde. Det same gjer Hans Lauvstad, som er sakshandsamar for Fylkesmannens landbruksavdeling. I beste miljøvernånd fann dei ut at det var dumt å bruke to bilar til Nordfjord, Solheim sat på med Lauvstad, og det skulle han ikkje ha gjort. For grunneigarane nekta å la dei sette ein fot på grunnen deira. Dei meinte Lauvstad var inhabil.
Seinare vedtok Fylkeslandbruksstyret at Lauvstad slett ikkje var inhabil, og han har halde fram som sakshandsamar.
- Unødvendig
Erik Solheim. Foto Torje Bjellaas NRK.
Det vart halde ei ny synfaring i september. Denne gongen køyrde Lauvstad og Solheim i kvar sin bil. Sjølv finn Hans Lauvstad det ikkje rett å kommentere saka no. Turkameraten hans frå mai, Erik Solheim, seier at han er overraska over at det no blir sagt ja til å byggje skogsvegen på Moldrheim.
- Dette meiner eg er ei unødvendig tilråding, seier naturvernsleiaren.
Men han trur ikkje konklusjonen er farga av at Hans Lauvstad vart sett på som inhabil av grunneigarane.
- Det ville vera å ta utanomsaklege omsyn, og det har eg ingen grunn til å tru at lauvstad har gjort, seier Solheim.
Fylkeslandbruksstyret skal ta avgjerd i saka 19. mai.