NRK Meny
Normal

Tillitsvalde fryktar ansvarspulverisering

Den store varsla omorganiseringa av Helse Førde får dei tillitsvalde til å protestere.

brev til styret

ANSVARSPULVERISERING: Ti av dei tillitsvalde for dei største forbunda i Helse Førde har skrive brev der dei uttrykker uro for ansvarspulverisering i samband med denpågåande omorganiseringa av føretaket og dårlege prosessar.

– Det er eit uttrykk for at det er uro i organisasjonen. På den eine sida er det ein kvalitet at ein kommuniserer denne uroa til leiinga. Det må vi ikkje sjå negativt på, seier Jon Bolstad, som er administrerande direktør i Helse Førde.

I eit brev til styret varslar no ti av dei tillitsvalde for dei største forbunda om uro i føretaket og frykt for ansvarspulverisering i samband med den pågåande omorganiseringa av føretaket og dårlege prosessar.

Meiner Helse Førde bryt med hovudavtalen

Dei tillitsvalde meiner omlegginga står fram som alt bestemt gjennomført av leiinga, og syner til at tilsetjingar av leiarar alt er i full gang. Dermed meiner dei at Helse Førde bryt med hovudavtalen om at ein skal involvere dei tillitsvalde i saker med større betydning for drifta.

Jon Bolstad

OMORGANISERING: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, forstår at dei tilsette kan verte uroa i samband med omorganiseringane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

NRK har snakka med fleire av dei tillitsvalde som ikkje vil kommentere saka i media før brevet har vore oppe i styret.

– Vi må ta det på alvor når folk seier at dei ynskjer meir tid for både å bidra med detaljar i arbeidet, og for å forankre ting med sine medlemmer og andre, seier Bolstad.

Omorganisering

Helse Førde skal omorganisere drifta. Bakteppet er at ein bygger nytt ved Sentralsjukehuset og at ein skal jobbe mot ei betre pasientutvikling. Dei tillitsvalde støttar tanken om ein mindre tungrodd organisasjon, men meiner modellen Helse Førde testar ut er uprøvd her til lands, og at ansvaret for ein pasient kan bli liggande på fleire sjefar. Det kan igjen føre til ansvarspulverisering, fryktar dei.

Jorunn Ringstad

FØLGJER MED: – Det er ikkje styret si oppgåve å detaljstyre, seier styreleiar Jorunn Ringstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad, seier på si side at styret ikkje vil detaljstyre organiseringa av føretaket.

– Eg trur ikkje vi skal overdramatisere, fordi det alltid vil vere endringar i ein stor organisasjon som Helse Førde. Vi er no inne i ulike prosessar for framtidige ombyggingar og utbyggingar. Slike prosessar vil alltid føre med seg endringar i organisasjonen, og det jobbar administrasjonen med. Styret har ikkje til oppgåve å gå inn og detaljstyre alle prosessar, men vi må vite kva som føregår, seier Ringstad.

Uro og uvisse

Dei tillitsvalde fryktar også at uro og uvisse for framtida kan gjere Helse Førde til ein mindre attraktiv arbeidsplass, og skade den allereie krevjande jobben med å få på plass nok fagfolk.

Men trass i at dei tilsette vil ha meir tid på å greie ut følgjene av omleggingane, understrekar Bolstad at prosessane vil halde fram.

– Frå leiinga si side er vi opptekne av at utviklingsarbeidet må halde fram, men vi må gjere det på ein slik måte at tillitsvalde og andre opplever at dei kan bidra til arbeidet på ein god og konstruktiv måte, seier Bolstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.