Hopp til innhold

Tilbake på scena der det heile starta

Denne veka spelte Adam Douglas igjen på Havly i Bremanger – åtte år etter at han på den same scena hadde sin første spelejobb i Noreg, og møtte kvinna i sitt liv.

Adam Douglas på Bremar Rock Weekend

PÅ BREMANGERLANDET: Adam Douglas på scena på Havly i Bremanger torsdag kveld.

Foto: Privatfoto

– Det var kjempekjekt å få spele for Bremanger-publikumet igjen. Det er som å kome heim, seier Adam Douglas på ferja til Oldeide.

Han er på veg tilbake til det han omtaler som sin andre heim etter å ha vitja Ulsteinvik og NRK sin sommarbåt der han fekk spele for eit entusiastisk publikum på Sommeråpent.

Kjærleik ved første blikk

Adam Douglas og Kristin Solberg

MØTTES I BREMANGER: Adam Douglas og Kristin Solberg møttest på Bremanger Rockweekend i 2007. No er dei eit gift par.

Foto: Privatfoto

Torsdag opna han Rockweekend på Havly i Bremanger. Det var her amerikanaren hadde sin første spelejobb i Noreg i 2007, og det eine førte til det andre.

– Eg spelte på Rockweekend med eit band frå Sunnmøre, og der trefte eg Kristin. Det var kjærleik ved første blikk, seier Douglas, som no er gift med Bremanger-kvinna Kristin Solberg.

Saman bur dei i Oslo, og her har Douglas, opphavleg frå Oklahoma, blitt eit velkjend namn i musikkmiljøet. Han har i tillegg til eigne band spelt med mellom andre Frode Alnæs, Vidar Busk og Marit Larsen.

– Det er musikk eg kan, seier Douglas, som stort sett livnærer seg av musikken. I tillegg til eigne prosjekt underviser han litt ved sida av.

Adam Douglas på Sommeråpent

SPELTE PÅ SOMMERÅPENT: Plateaktuelle Adam Douglas stod for det musikalske innslaget under Sommeråpent-sendinga frå Ulsteinvik laurdag kveld.

Foto: NRK

Debuterer med soloplate

Og sjølv om han har lang erfaring innan musikk er det først i år han platedebuterer som soloartist, med plata «I may never learn». Han er allereie radiolista på NRK P1 med den første singelen, «I once was an honest guy», same låten som han framførte på Sommeråpent laurdag.

– Foreløpig er plata berre tilgjengeleg gjennom strøyming, men til hausten kjem den i fysisk format – også i vinyl.

Til hausten vert det fleire spelejobbar og innspeling av ny singel.

Sjølv om han ofte vert omtala som soul-artist synest han det er vanskeleg å sette musikken sin i ein sjanger-bås.

– Eg seier ofte «americana», som vil sei ei slags blanding av ulik roots-musikk; country, soul, rock og folk.