Hopp til innhold

Send til sjukehus etter MC-uhell

Ein motorsyklist er send til Lærdal sjukehus for legesjekk etter eit trafikkuhell på fylkesveg 243 i Aurland.

Stegastein

Trafikkulykka skal ha skjedd i området ved utsiktspunktet Stegasteinen i Aurland. Ingen andre køyretøy skal vere involverte.

– Føraren er send til Lærdal sjukehus for legesjekk, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Stig Inge Hauge.

Farten skal ha vore låg då uhellet skjedde.

– Vi antek at farten har vore omkring 30 kilometer i timen, og så har noko ført til at motorsykkelen har hamna i grøfta, seier Hauge.