Hopp til innhold

– Ei alvorleg sak

Ein tidlegare lærar sende seksuelt krenkande meldingar til eleven sin og fekk ho til å utføre seksuelle handlingar. No må han svare for seg i tingretten.

Sogn og Fjordane tingrett

TILTALT: Mannen som må møte i tingretten misbrukte sin stilling som lærar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ved fleire anledningar i 2017 skal mannen i slutten av 20-åra gjennom meldingar ha fått eleven sin til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv. Mannen sende også meldingar av seksuell karakter til jenta.

Var læraren hennar

Ho var då under 16 år. Politiadvokat Sissel Kleiven stadfestar til NRK at jenta på dåverande tidspunkt var eleven til den tiltalte. Politiet meiner mannen har misbrukt stillinga si som lærar.

– Saka er alvorleg, det er den, seier Kleiven.

Advokat Odd Bovim

FORSVARAR: – Den tiltalte innrømmer å ha gjort noko veldig dumt, seier forsvararen, Odd Bovim.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– For omfattande

Mannens forsvarar, Odd Bovim, seier mannen synest tiltalen er større enn det som skal ha skjedd.

– Han synest det er ein veldig trist sak, og innrømmer å ha gjort noko veldig dumt. Men han meiner tiltalen er meir omfattande enn det dei faktiske handlingane dannar grunnlag for, seier Bovim.

Tingretten har sett av to dagar til saka. Det blir varsla både krav om erstatning og at mannen taper retten til å vere lærar for all framtid.