Hopp til innhold

Tidenes halvår for trykkeri i Gaupne

GAUPNE (NRK): På trykkeriet Avery Dennison NTP er det hektisk aktivitet. Dei har akkurat lagt bak seg tidenes beste halvår.

skuleungdom i jobbe ved Avery Dennison NTP i Gaupne

SOMMARHJELP: Tarjei Martin Hansen Moen og Julia Mikusek pakkar merker som skal på pryde den nye drakta til Barcelona FC.

Foto: Sigrid Skjerdal

Dei trykker logoar på draktene til Norges og verdas største fotballag. For Avery Dennison NTP i Gaupne har det så langt vore eit knallår.

– Vi har lagt bak oss tidenes halvår, fortel fabrikksjef Adis Cengic.

I fjor sette verksemda omsetnadsrekord med 140,4 millionar. Både kundar i Norge og spesielt i utlandet spør etter produktet deira.

Skuleungdom kom til unnsetning

Då godkjenninga av designen på ei stor leveranse til fotballklubben Barcelona vart forsinka, måtte skuleungdomen i Gaupne trå til.

– Vi måtte levere på to månadar i staden for åtte. Så no hjelper veldig flink lokal ungdom oss med å sende inn om lag 2 millionar merke på rekordtid, seier Cengic.

Avery Dennison NTP

SKULEFRI: Ungdom frå Gaupne har blitt sett i jobb i ferien på fabrikken til Avery Dennison NTP.

Foto: Sigrid Skjerdal

Barcelona FC er berre ein av fleire internasjonale kundar. På kundelista har dei andre fotballklubbar i Premier League, Formel 1, Mercedes og Puma. I Norge leverer dei trykk til 70 prosent av marknaden.

– Verdas beste tilsette

Fabrikksjefen seier at det er innsatsen til dei tilsette som gjer at det går så bra.

– Vi har verdas beste tilsette og det er det som er hemmelegheita bak suksessen. Dei står på, er fleksible og vil få det til, seier Cengic.

Adis Cengic ved Avery Dennison NTP

FABRIKKSJEFEN: Adis Cengic fortel at det er om lag 170 personar som jobbar på fabrikken i sommar.

Foto: Sigrid Skjerdal

Ei anna suksessfaktor er satsinga på digitalisering. Tidlegare i år kom leiinga i Adidas på besøk for å lære om dette.

– Vi jobbar ikkje raskare og ikkje meir, men heller smartare og riktigare. Det er det vi lukkast med. Vi er gode på å analysere store mengder data. Der vi synsa før kan vi no måle mykje meir nøyaktig, forklarar fabrikksjefen.