Hopp til innhold

Tidenes bakrus for to 18-åringar - fyllekøyrde i same bil

Det var ikkje berre regnet som gjorde nyttårsaftan fuktig for to 18 år gamle menn i ei lita bygda i Sogn. No har begge mennene innrømt at dei køyrde i fylla – i ein og same bil.

illustrasjon promillekontroll

BLÅSTE RAUDT: To unge menn frå Sogn er fråtekne førarkortet etter fyllekøyring i same bil natt til torsdag.

Foto: arkiv / NRK

– Som oftast er det nok berre ein fyllekøyrar i same køyretøy, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Det heile starta klokka 07.38 sundag morgon. Då rykte politi og ambulanse ut etter melding om eit trafikkuhell på ein fylkesveg i Indre Sogn.

Ein bil stod fast i grøfta, og i bilen sat to unge menn. Begge var uskadd, men politiet retta fort mistanke til at dei nok hadde teke seg ein tår for tørsten.

Først vart mannen som sat i førarsetet på den skadde bilen sikta for promillekøyring, men ikkje lenge etter vart også passasjeren sikta.

– Mannen som var passasjer i bilen har erkjent å ha køyrt bilen i løpet av natta, opplyser politiet til NRK.

– Korleis fann politiet ut av dette?

– Det var nok gjennom ein samtale med dei involverte, seier operasjonsleiaren.

Begge fyllekøyrarane synte seg å vere 18 år gamle menn og temmeleg ferske bilførarar begge to. No ventar eit oppgjer med rettsvesenet, og truleg vert dei utan førarkort lenge framover.