Hopp til innhold

Fryktar tida har byrja å renne ut for E39-trasé i midtre Nordfjord

Med berre dagar att til valet, innser ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen at det ikkje kjem noko E39-avklaring før valet.

Anders Ryssdal og avtroppande fylkesordførar Nils R. Sandal.

FRYKT: Ordførar Anders Ryssdal (Sp), her saman med styreleiar Nils R. Sandal i Nordfjordkryssing AS, innser at det brenn eit blått lys over E39 i midtre.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Ordføraren innser også at eit regjeringsskifte svekkjer sjansane for at E39 også i framtida skal gå over Anda–Lote.

Spørsmålet om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord har splitta regionen. Dei som vil ha traseen som den går i dag, og dei som vil ha stamvegen lagt i tunnel under Utvikfjellet og bru over til Svarstad.

– No er det under ei veke til valet, og det minkar sterkt på tida til at sitjande regjering kan få gjort noko vedtak på E39, vedgår Anders Ryssdal (Sp).

Få treffpunkt att

Men splittinga er like sterk i regjeringa , der Senterpartiet har tviheld på midtre og Arbeidarpartiet det same på indre.

Signala Gloppen-ordføraren har fått, etter møte med mellom andre partileiar Liv Signe Navarsete i går, er at regjeringa har svært få treffpunkt att før valet 9. september.

Held meiningsmålingane seg, blir det også regjeringsskifte.

– Skulle Venstre, KrF og Høgre kome i regjering, så blir forholdet det same med to parti som går for midtre, og eitt for indre. Blir det eit blåblått alternativ, så fryktar eg det verste, seier Ryssdal.

Fornuftig tidsbruk

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I Stryn ser ikkje Sven Flo (H) mørkt på ei blåblå regjering. Han meiner det er fornuftig at regjeringa tek tida til hjelp i ei så viktig sak.

Flo presiserer at ein E39 gjennom Stryn ikkje berre gir positive effektar for Stryn.

– Det blir veldig overfokusert på at dette er ein veg for Stryn. Det er det overhovud ikkje. Dette er ein europaveg som gagnar i stor grad heile Vestlandet. Det er også slik at E39 på Indre vil opne ein heilt ny veg og mogelegheit til å opne eit heilt nytt bu og arbeidsområdet spesielt knytt til Gloppen kommune, seier han.