Hopp til innhold

Eid Arbeiderparti håpar E39-striden snart løyser seg

Denne veka har det kome fleire ulike utspel frå Ap som kan tyde på at det blir leita etter ei løysing i E39-striden. Denne veka sa mellom anna Ap-leiar i Stryn, Kolbjørn Roset, at ei bru i Indre ikkje er det viktigaste. Leiar i Eid Ap, Siri Sandvik, håpar regjeringspartia kan bli samde.

Siri Sandvik

OPTIMIST: Ap-leiar i Eid, Siri Sandvik, håpar striden om kor E39 skal gå, snart vil løyse seg opp.

Foto: Montasje

– Eg er framleis optimist. Vi må få til ei løysing der vi kan gjer nytte av dei tilboda vi har her i Sogn og Fjordane, seier Sandvik.

Ap-leiar i Eid Siri Sandvik håpar striden om kor E39 skal gå vil løyse seg opp. I snart to år har fylket krangla om E39 i framtida skal avløyse ferja i midtre, eller ta den kortare vegen via Stryn.

– Som å tru på julenissen

Ingrid Heggø.

TO BRUER: Denne veka kom Heggø med eit utspel om å få to bruer over fjorden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Denne veka kom stortingskandidat for Ap, Ingrid Heggø, med eit utspel om å få to bruer over fjorden. Oppsiktsvekkande gjekk ho også inn for at bru mellom Lote-Anda skulle kome fyrst.

– Då vil vi få tunnelen under utvikfjellet, og vi får på plass Olden–Innvik, og vi får bru, seier Heggø.

Men to bruer er urealistisk meiner leiar i Stryn Ap Kolbjørn Roset, som same dag likevel ikkje forkasta tanken om bru i midtre og god veg rundt fjorden i Stryn.

– Her legg Heggø fram ei løysing som kan vere akseptabelt for oss i indre, seier Roset. Roset er også varaordførar i Stryn.

- Å få to bruer er vel litt som å tru på julenissen. Men tunnel under Utvikfjellet burde vere mogleg. Det er svært mange i indre som meiner at å oppruste Olden-Innvik og å få tunnel er fyrsteprioritet.

Roset har seinare likevel presisert at han framleis står fast på Ap sitt standpunkt om E39 og bru i indre.

Også i Eid Arbeiderparti vart tanken entusiastisk motteke, men seinare på dagen modererte Ingrid Heggø seg kraftig og ville ikkje gjenta utsegnene om bru fyrst over Lote-Anda.

– Eg blei litt misoppfatta der, eller kanskje eg snakka litt feil der, seier Heggø.

– Må vere rom for løysing

Ap-leiar i Eid Siri Sandvik meiner likevel at utspelet frå Stryn Ap viser at det må vere rom for løysing.

– Vi er veldig glad for at dei ser slik på det i Stryn. Å bygge ei bru heilt inst i fjorden er heilt meiningslaust syns eg. Særskilt med tanke på at det allereie går ei ferje i midtren, seier Sandvik.

Sandvik meiner ein må gå for den skisserte løysinga frå regjeringsforhandlingane. Der staten tek over fylkesveg 60 mellom Stryn og Byrkjelo, og løyver 400 millionar på statsbudsjettet til Olden-Innvik til hausten.

Held fast ved trasé med bru i Stryn.

Fylkesleiar i Ap Nils P. Støyva vil derimot ikkje gje slepp på Sogn og Fjordane Ap sitt vedtak om E39 trasé med bru i Stryn.

Er det mogleg for partia å bli samde her?

– No kjem det mange ulike utspel her, både frå Navarsete, Heggø og frå andre. No skal regjeringa vurdere dette, det er uansett dei som skal ta avgjerda her, seier Støyva.

-Kan fylkesleiarane gjere noko for å finne ei løysing i denne striden?

- Her blir det diskutert ulike løysingar for å kome ned på jorda i denne saka. Men desse diskusjonane høyrer ikkje heime i NRK Sogn og Fjordane. Vårt utgangspunt er fylkesårsmøtevedtaket frå i vår, så får vi sjå kva regjeringa lander ned på.