Hopp til innhold

The Guardian: To reisemål i Nordfjord på nordisk toppliste

Av tjue av dei beste ferieopplevingane i Norden er to i Sogn og Fjordane, i alle fall ifølgje den britiske avisa The Guardian. Dei lyfter fram Loen Skylift spesielt, og Kråkenes fyr som døme på ein spektakulær fyrferie.

Skjermdump frå The Guardian

SKJERMDUMP: I si oversikt over dei tjue beste ferietipsa i Norden lyfter avisa The Guardian opp to reisemål i Nordfjord

Foto: Skjermdump

– Ein slik omtale frå det vêrharde og stormfulle Kråkenes til Loen Skylift som er ein av dei store produktutviklingane som har skjedd dei siste åra i Nordfjord, viser noko av breidda vi har å tilby, og er svært verdifull.

Beate Vik Hauge

GODT NØGD: Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord er godt nøgd med at The Guardian fortel lesarane om Nordfjord

Foto: privat

Marknadssjef i Visit Nordfjord, Beate Vik Hauge, meiner slike kåringar er både kjekke og viktige. At Nordfjord utgjer ein så stor del av lista, set området på kartet.

I arbeidet med å byggje merkevara "Nordfjord, alt i ein fjord", kjem denne omtalen med ei slik spennvidd frå indre til ytre som bestilt.

– Dette er ei av mange lister, men vi vil dele ho vidare og bruke ho positivt overfor medlemmar og turoperatørar.

Kråkenes fyr i storm

STORM: Drøymer du om ein romantisk og vêrhard ferie, tilrår den britiske avisa The Guardian å ta turen til Kråkenes fyr.

Foto: Merete Høidal / NRK

Slik merksemd har effekt

Drøymer du om ein romantisk og vêrhard ferie, er Kråkenes fyr trekt fram av The Guardian som reisemålet for deg.

Bettina Vick, som driv Kråkenes fyr, tykkjer det er flott å få slik merksemd.

– Det er stor stas å vere på ei slik liste saman med Loen Skylift.

Ho fortel at dei har hatt få overnattingsgjestar frå Storbritannia tidlegare, men reknar med at det vil endre seg etter omtalen i The Guardian. Før påske vart fyret vist fram på ein dokumentarfilm i Tyskland, og i kjølvatnet av det rann bestillingane inn frå tyske gjestar.

– Blir du vist fram, blir det fleire gjestar. Det er fint for heile Nordfjord.