NRK Meny
Normal

Tett på den amerikanske valkampen

Valkampen i USA er ein krevjande disiplin som sjølv amerikanarane slit med å hengje med på. Thor Steinhovden frå Florø er over snittet interessert i USA, no blir han brukt av dei store mediehusa i Norge for å forklare valkampen for det norske publikummet.

Amerikansk valkamp

KVEN BLIR DEN NESTE PRESIDENTEN I USA? Thor Steinhovden frå Florø analyserer presidentvalkampen i USA for norske mediehus.

Foto: MONTASJE: Reuters, Rick Guy/ Åsa Marie Mikkelsen

– Interessa har eg vel alltid hatt. Eg jobba og studerte i USA i seks år. Men det som verkeleg vekte interessa var at eg var i USA, og faktisk var i salen då Barack Obama i 2008 annonserte at han var kandidaten til Demokratane, seier Steinhovden.

Steinhovden er statsvitar og har jobba både for det norske konsulatet i San Francisco og den amerikanske ambassaden etter at han flytta frå Florø som 17-åring.

– Det var ei stor oppleving, og eg var så heldig å få bu på tre ulike stadar i USA. Eg budde både i Sør-Statane, Midtvesten og på Vest-Kysten.

Mange inntrykk

For den gong 17 år gamle Steinhovden var det ein stor overgang å flytte frå Florø flytte til Kentucky.

– Men amerikanarar er svært gjestfrie og tar godt imot ein. I tillegg så hadde eg også slektningar i USA, så det gjekk fint, seier Steinhovden.

Steinhovden budde like i nærleiken av Louisville, heimstaden til ikkje ukjente Colonel Sanders, grunnleggaren av Kentucky Fried Chicken.

– Eg budde litt landleg til, så det var på mange måtar litt Amerika slik som vi var vande med å sjå det på film, nokså aude med gardar og hestar.

Både urovekkande og spanande

I dag jobbar Steinhovden i Tankesmia Agenda og han blir brukt av dei store mediehusa i Norge for å forklare valkampen for det norske publikummet.

– Eg må seie at det er morosamt å få vere med på det.

– Ja, korleis opplever du det som skjer?

– Det både urovekkande og spanande på ein gong. Det ein ser i dag med Donald Trump og ei høgreside som eigentleg er ganske splitta, det har ein ikkje opplevde på svært lenge i USA. Så det blir svært spanande å sjå korleis det går no i dagane og vekene som kjem, seier Steinhovden.

Vegopning på Bergum i Førde kommune