Hopp til innhold

Testflyging enda med naudlanding

Eit Airlift-helikopter fekk motorstogg og måtte naudlande på Førde Lufthamn, Bringeland under testflyging i august i fjor.

Det var menneskleg feil ved utskifting av motordelar som førte til at helikopteret måtte naudlande. Ombord var det tre personar.

Strengare krav

Ifølgje avisa Firda vil Havarikommisjonen no sette større krav til denne typen arbeid. Alle ombord kom frå uhellet utan skader. Kommisjonen skriv at alt endte godt takka vere piloten si handtering av situasjoen.

Røyret som gjekk frå drivstoff-kontrollen til fordelaren skal ikkje ha vore skrudd rett til.

- Skjerpa rutinane

Administrerande direktør i Airlift, Bjarne Slapgard, seier dei på eige initiativ har skjerpa rutinane på dette området. Han seier pilotane deira er trente til å takle slike situasjonar.

- Denne typen naudlandig er noko vi trenar på. Fartøysjefen gjorde ein god jobb i denne situasjonen, seier Slapgard.