Hopp til innhold

Terrengbrann i Høyanger

Naudetatane har rykt ut til ein brann i terrenget på sørsida av Sognefjorden. Brannen kom fort under kontroll og er no sløkt.

terrengbrann, Høyanger

RASKT KONTROLL: Brannmannskapa fekk raskt kontroll på grasbrannen på Høyanger sørside.

Foto: Vakt Overbefalsvakta, Høyanger kommune

Brannen er i terrenget ved Heggeneset i Høyanger, og politiet fekk melding om brannen klokka 11.42, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Brannen er no sløkt, seier Siv Sørstrand, ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK klokka 14.40.

Ni personar frå dei lokale brannverna i Ortnevik og Bjordal var dei først som kom til staden. Dei har etter kvart også fått hjelp av to mann og ein tankbil frå brannvesenet i Høyanger.

Til Firda seier innsatsleiar Inge Brekke at brannen starta etter at eit tre gjekk over høgspenten. Gnistar frå den regna ned på bakken og sette fyr i det tørre terrenget.

Det er svært turt mange stader i fylket, og i Sunnfjord har fem kommunar allereie innført bålforbod.

Brann ved Heggeneset

BRANN: Laurdag føremiddag førte brann i terrenget grunna trefelling til full utrykkinga på Høyanger sørside.

Foto: NRK