Hopp til innhold

Terra-meklarane har tent grovt

Fekk inn 11 millionar på opsjonar som kan føra til 100 millionar kroner i tap for Bremanger kommune.

Knut Anders Opstad, tidligere Terra

Knut Anders Opstad, tidligere Terra-meklar ønskjer ikkje å kommentera provisjonane

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

- Eg meiner det er uetisk å operera med desse honorara, samstundes som meklarane gav dei råda dei gav, seier Bremanger kommune sin advokat, Ulf Larsen.

Har aldri vore borti liknande

Medan Bremanger i kommune i verste fall kan tape nærare 100 millionar kroner i samband med gambling på framtidig rentenivå, kunne Terra-meklarane som stod bak salet innkassere ein provisjon på 11 millionar kroner. Det syner tal i ein rapport Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nyleg har lagt fram.

Kommunen kjøpte opsjonane i tidsrommet mars 2006 til februar 2007, og på ein opsjon åleine tente meklarane 5,1 millionar kroner. Rådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Kåre Træen, har aldri vore borti liknande provisjonar.

- Nei, ikkje med ein slik storleik. Så har me aldri vore borti liknande saker, heller.

- Terra har berre tenkt på seg sjølve

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

Bremanger kommune kan tapa ytterlegare 100 millionar kroner på Terra-skandalen

Foto: Ottar Starheim / NRK

Også i samband med Terra-skandalen i 2007, då Bremanger kommune tapte 234 millionar kroner på kjøp av rotne amerikanske verdipapir, kunne meklarane innkassere store provisjonar.

Terra-meklar Knut Anders Opstad er ein av dei som har vore mest aktiv overfor Bremanger kommune. Han har hatt store millioninntekter dei siste åra, men ønskjer ikkje å kommentere saka. Advokat Larsen seier Opstad og dei andre meklarane berre har tenkt på seg sjølv.

- Terra har utelukkande forhandla fram transaksjonar som gav dei sjølve høgast mogleg provisjon. Dei har ikkje handheva mandatet i forhandlingsavtalen. Mandatet gjekk ut på å arbeida for at oppdragsgjevarane sine lånekostnader skulle minimaliserast på tre til fem år.