Hopp til innhold

Bankane vil ta konkursbuet etter Terra

- Heilt urimeleg, seier hotellsjef.

Terra Securities
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Sparebankane bak meklarhuset Terra Securities varslar at dei vil få ut pengar frå konkursbuet før andre gjer det. Dei som sit att med tap etter konkursen reagerer sterkt.

Undrar seg

Jon Skjørshammer

Bubestyrar Jon Skjørshammer

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- Bankane kan ikkje skubba vekk alt ansvaret etter Terra. Det var trass alt dei som sat og eigde dette, seier hotellsjef i Bremanger, Jostein Eimhjellen.

Les også: Dette er Terra-saka

Les også: Her er dei ansvarlege tre år etter

Les også: Dei ansvarlege etter Terra sit godt

Bubestyrer Jon Skjørshammer skal fordela smulene etter Terra. Han undrar seg over at bankane krev pengar.

- Eg har opplevd fleire gonger at nærståande til selskap som har gått konkurs avstår frå å melda krav fordi dei meiner det ville vera etisk feil i høve alle kreditorane som har teke pengar.

Bankane på si side meiner folk ikkje må blande deira krav med at kommunane har tapt pengar.