Hopp til innhold

Her er dei ansvarlege tre år etter

Tre år etter Terra-skandalen har dei fleste av personane framleis posisjonar innan samfunns- og næringslivet.

Video Terraskandalen set tydelege spor

SJÅ DAGSREVY-REPORTASJE: Terra-skandalen set tydelege spor.

Inge Myrvoll

ORDFØRAR: Inge Myrvoll.

Foto: Wikipedia
Olav Sigurd Alstad

ORDFØRAR: OLav Sigurd Alstad.

Foto: Erik Veigård, Veigård, Erik
Ordfører i Hattfjelldal, Asgeir Almås (Ap)

ORDFØRAR: Asgeir Almås.

Erling Stadheim, tidlegare ordførar i Vik kommune.

ORDFØRAR: Erling Stadheim

Foto: Svein Ove Hansli
Petter Steen Jr.

ORDFØRAR: Petter Steen jr.

Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix
Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

ORDFØRAR: Kåre Olav Svarstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Odd Omland

ORDFØRAR: Odd Omland

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK
Kjell Idar Juvik, ordfører i Hemnes

ORDFØRAR: Kjell Idar Juvik.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Det er heilt uforståeleg. At dei som har vore så uforsvarlege kan gå vidare som om ingenting har skjedd er uhøyrt, seier økonomiprofessor Thore Johnsen ved Norges Handelshøgskule.

NRK har teke ein kikk på kva som skjedde med dei ansvarlege etter at Terra-saka sprakk for tre år sidan.

Oversikta syner at dei aller fleste personane den dag i dag sit i sentrale posisjonar både i lokalsamfunna og i næringslivet:

Her er dei kommunalt ansvarlege

Mo i Rana:

  • Ordførar Inge Myrvoll tapte valet før skandalen sprakk, og er i dag varaordførar.
  • Rådmann Jan Reitehaug og økonomisjef og assisterande rådmann Kjell Pedersen gjekk av på grunn av mistillit.
  • Reitehaug er i dag sjef i bedriften Helfo, som er en del av NAV-systemet.
  • Pedersen, som vert rekna som ei drivkraft til å få til avtale med Terra, er i dag økonomisjef i ei industribedrift i Rana,

Narvik

  • Olav Sigurd Alstad var ordførar, men gjekk av før skandalen sprakk.
  • Rådmann Trond Hermansen var på tur ut allereie då skandalen vart kjent.
  • Økonomisjef er Svein Hestdal er framleis i jobb.

Hattfjelldal:

  • Ordførar Asgeir Almås har vore med heile vegen og vil ta attval.
  • Rådmann Odd Dale varsla avgang før Terra-saka og er no pensjonert.
  • Økonomisjef Stian Skjervik er framleis i jobb.

Vik:

  • Rådmann Nils Geir Myrkaskog har gått av, og er no rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
  • Ordførar Erling Stadheim har gått av. Er pensjonist - men driv også med juridisk bistand.

Haugesund

  • Ordførar Petter Steen jr. sit framleis. Tar attval.
  • Rådmann Hildegunn Staurseth er gått av.

Bremanger

  • Ordførar Kåre Olav Svarstad sit framleis. Tek ikkje attval.
  • Økonomisjef Reidar Håvardstun sit framleis.
  • Rådmann Tor Kristian Gulhaugen jobbar i servicetorget. Deltid - men har framleis rådmannsløna.

Hemnes

  • Rådmann Fritz Bakken gjekk av før skandalen sprakk.
  • Kjell Idar Juvik er framleis ordførar.

Kvinesdal

  • Ordførar Odd Omland vart sitjande.
  • Rådmann Bjørn Vidar Hagen slutta i mars 2007. Byrja i Trollfjord Consulting og skulle selje tenester til nettopp kommuner.

Her er Terra-toppane

  • Odd Arne Pedersen var i 2007 adm. dir. i Terra Markets og gründer. Er i no investor, inne i Warner Group og finansdirektør i Terra boligkreditt.
  • Ola Sundt Ravnestad var i 2007 styreleiar i Terra Securities og tidlegare konsernsjef i Terra Group. Leiar i 2010 strategi og forretningsliv i Warren Bank.
  • Lise Vedde-Fjærestad var visekonsernsjef i Terra Gruppen då bobla sprakk. Er i dag framleis visekonsernsjef.
  • Svein Erik Nordang var i 2007 adm. dir. i Terra Securities. Er tre år seinare dagleg leiar i Colliers Asset Management.
  • Aud Ingrid Espeland var styremedlem i Terra Securities. Er no dagleg leiar i Fjord Invest.
  • Espen Mogens Moen var også styremedlem i Terra Securities. Han er i dag banksjef i Indre Sogn Sparebank.
  • Knut Anders Opstad var meklar i Terra Securities då skandalen vart kjend. Han er no konsulent i konsulentselskapet Bearing Point.
  • Harald Norberg var meklar og partnar i Terra Securities i 2007. Tre år seinare er han dagleg leiar i LillestrømBanken Kapitalforvaltning.

Saka starta å rulle då det vart kjent at at fire nordlandskommunar hadde lånt pengar med sikkerheit i framtidige kraftinntekter. Pengane var investert i kompliserte fondsprodukt med høg risiko i USA gjennom storbanken Citibank.

Etter at saka byrja å utvikle seg, viste det seg at også kommunene Vik, Bremanger, Haugesund og Kvinesdal hadde gjort liknande investeringar. Og verst var stoda for Bremanger, som hadde plassert 350 millionar kroner i såkalla hedgefonds.

LES OGSÅ:

Investeringane viste seg å vere i strid med kommunelova, og kommunane måtte etter tur selje seg ut av investeringane under tvang, med enorme tap.

Etter konkursen i Terra Securities fremja dei åtte kommunane krav om til saman nær 1,5 milliardar kroner i buet.