Hopp til innhold

Lastebil-leiar har godteke stor bot

STRYN (NRK): Leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, har no godteke ei bot på 100 000 kroner for over 300 tilfelle av manglande overtidsføring for dei tilsette i verksemda han er sjef for.

Rolf Olav Tenden

TEK DET TUNGT: Dagleg leiar Rolf Olav Tenden seier at det har vore tøft å få bot på 100.000 kroner. Han har vedteke bota.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det har vore ein vanskeleg periode, men vi er glade for at dommen er falt. Vi har akseptert bota og sjølv om den er stor, så veit vi at det er mange av våre kollegaer som har fått mykje større bøter. Men det er inga trøyst, for ei bot er i seg sjølv ei rift i det ytre bildet. Eg er ikkje glad for det, men eg ser positivt framover i alle fall.

Det seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i Thor Tenden Transport AS i Stryn, til NRK. Han har akseptert bota verksemda har fått på 100 000 kroner for manglande kontroll med overtidsbruken for sjåførane.

Avdekka mange regelbrot

Statens vegvesen og Arbeidstilsynet har avdekka at manglande etter-registrering av overtid har skjedd minst 300 gonger, og at det gjeld alle dei 23 sjåførane som blei kontrollert for to år sidan.

– For vår sin del, så var det mest overtida som var det utslagsgjevande. Køyre og kviletidsordninga har vi tilpassa oss. Vi er opptekne av tryggleik på vegen, og at vi køyrer det som er lovleg, seier Tenden.

Det er svært strenge reglar for bruk av arbeidstid og overtid i transportbransjen, og styresmaktene legg stor vekt på å halde kontroll med verksemdene.

Rolf Olav Tenden

LEIGER INN HJELP: Rolf Olav Tenden brukar no ekstern konsulent for å halde kontroll på overtid og køyre- og kviletida til sjåførane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Paragrafrytteri

Politiet vil ikkje kommentere saka, men syner til avgjerda om å gje føretaksbot. Tenden godtek straffa, men meiner også at styresmaktene handhevar regelverket svært strengt.

– Eg er ikkje samd i alle konklusjonane. Det er eigentleg eit paragrafrytteri, meiner Rolf Olav Tenden.

– Du har vore sentral i transportbransjen i mange år, og sit også som leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane. Korleis er det då for deg å bli utsett for ei gransking som no enda i ei bot?

– Vi var klar over når vi var i politiavhøyr at det var brot, men eg var ikkje klar over at dei var så omfattande.

– Har teke problema på alvor

Ei rekkje transportverksemder har blitt granska dei siste åra, og styresmaktene har fleire gonger avdekka grove brot på reglane.

Rolf Olav Tenden seier at dei no har teke problema på alvor, mellom anna med å leige inn ekstern hjelp for å få full kontroll på arbeidstid, og køyre- og kviletid for alle sjåførane.

– Det var fleire sjåførar som måtte til politiavhøyr. Nokon av dei har vedteke bøtene sine. No må vi jobbe for å leggje dette betre til rette for framtida og prøve å gjere det betre i åra som kjem. Samstundes vil vi jobbe for sjåføren sine krav til helse, miljø og tryggleik, slår Tenden fast.