Hopp til innhold

Tenåring køyrde av vegen med promille

Like før midnatt rykte politiet ut til ein bil som hadde køyrd av vegen i Årdal. Føraren var tenåring, hadde ikkje lappen og blåste raudt for promille.

– Det vart tatt blodprøve av føraren på Lærdal sjukehus og familien henta føraren, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen.

Føraren skal ha fortalt til politiet at han hadde køyrd i 50 km/t og mista kontrollen over bilen. Alle airbagane vart utløyst.

– Føraren fortalde patruljen at han ikkje hadde drukke, men blåseprøven viste noko anna, seier Magnussen.

Sjåføren vart ikkje fråteken førarkortet då han er under 18 år og ikkje har tatt sertifikatet for bil enno.

Truga politiet

På Sunnfjord hotell i Førde rykte politiet ut melding om ein utagerande og aggressiv person.

– Det var ein vakt på hotellet som varsla politiet som rykte ut. Mannen i 20-åra var veldig aggressiv og kom med trugsmål mot politiet, seier Magnussen.

Men mannen ville ikkje roa seg ned og politiet måtte sette han i arresten.

– Promilleprøven viste at han var godt rusa, seier Magnussen.