Hopp til innhold

Teknologimiljøet går med underskot

Miljøet av teknologibedrifter i Måløy går med dundrande underskot.

Endre Kvalheim

TENER IKKJE PENGAR: Endre Kvalheim og Easy Form har fleire tøffe år bak seg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dei siste åra har fleire nye bedrifter i området fått stor merksemd for å vere innovative og satse stort på nye typar arbeidsplassar. Men bedriftene slit med å tene pengar.

Dagleg leiar Endre Kvalheim i Easy Form må innsjå at det vart nok eit år med underskot i fjor.

– 2010 var eit tøft år for oss. Vi fekk ein minus på om lag 2 og ein halv million kroner, seier Kvalheim.

Prega av finanskrisa

Easy Form leverer teikningar, produksjonsverkty og prototypar til vindmølleindustrien og verftsbransjen og er ein del av det mykje omtalte teknologimiljøet i Måløy som skal skape ny vekst og nye arbeidsplassar.

Men så langt har det ikkje gitt avkastning. Til liks med dei fleste andre verksemdene i klyngja tenar dei ikkje pengar.

– Det har vore mykje uro i marknaden dei siste åra. I tillegg fekk vi problem med materialet på nokre av produkta våre. Så problema er samansette, men hovudgrunnen er rett og slett at siste del av finanskrisa har gitt oss for lite jobb, seier Kvalheim.

Berre ei bedrift går med pluss

Dei siste fem åra har bedrifta gått med samla sett 8 millionar i underskot, men dei er ikkje åleine om å sjå raude tal i rekneskapen.

Nordwest 3D som driv med design og animasjon tapte i fjor 700 000 kroner, medan Stad Towing tank som driv testanlegg for maritimt utstyr tapte 1,6 millionar kroner. Easy Form sitt systerselskap Best Mould tapte 1,9 millionar.

Einaste av dei nye verksemdene som faktisk gjekk med overskot er LocalHost som driv datasenter og som gjekk med 200 000 kroner i pluss.

– Det er ikkje noko dramatikk i dette, det er heilt normalt med ein slik start. Oppstartsfasen kostar. Viss det ikkje hadde vore så vanskeleg hadde nok endå fleire starta opp og vore friske i satsinga, seier Kvalheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

NØGD: Alfred Bjørlo i Måløy Vekst meiner bedriftene allereie skapar verdiar og arbeidsplassar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dei vil tene pengar på sikt

Han får støtte av dagleg leiar i Måløy Vekst Alfred Bjørlo. Bjørlo og Måløy Vekst har brukt teknologimiljøet som spydspiss i marknadsføringa av Vågsøy som vekstkommune. Han meiner dei ikkje har overselt kva desse verksemdene får til.

– Dette er bedrifter som allereie skapar verdiar og skapar mange arbeidsplassar i Vågsøy. Det er bedrifter som er leiande i teknologiutvikling og som gir store ringverknader for samfunnet rundt, seier Bjørlo.

Også han trur og håpar at teknologibedriftene etter kvart til tene pengar.

Trur resultata vil snu etter kvart

Halvor Flatland

HAR TRUA: Halvor Flatland i Innovasjon Norge trur bedriftene vil tene pengar på sikt.

Foto: Bård Siem / NRK

Bak bedriftene i det såkalla "Måløymiljøet" er storinvestor og styreleiar Gunnar Carlsson. Han har tent ei stor formue mellom anna som gründer bak skipsverftet Båtbygg på Raudeberg.

Carlsson er i utlandet og kunne ikkje la seg intervjue over telefon, men seier til NRK at han ikkje er uroa over dei negative resultata.

Han seier bedriftsutvikling er ein langsiktig prosess og er nøgd med utviklinga så langt, og vil vere med og satse vidare.

Til saman har verksemdene i «Måløymiljøet» som består av minst ti selskap fått kring 16 millionar i støtte frå Innovasjon Norge dei siste åra. Det meiner direktør Halvor Flatland er fornuftig pengebruk.

– Vi er opptekne av å bidra til innovasjon i næringslivet til fylket. Eg har stor tru på at prosjekta i Måløy kjem seg gjennom denne vanskelege førstefasen, og at dei seinare vil vekse kraftig, seier Flatland.

– Vi må byggje oss opp gradvis

Tilbake hjå Easy Form i Deknepollen i Måløy veit Endre Kvalheim at tida er moden for å vise positive tal i rekneskapen.

Verksemda har i dag 33 tilsette og har dei siste åra auka omsetninga kraftig. På kundelista står gigantar som Siemens, General Electric og danske Vestas.

Men heller ikkje i 2011 vil han love noko overskot.

– Det ser betre ut og eg håpar vi kjem til å gå i pluss i 2011. Men vi er ikkje sikre. Vi må byggje oss gradvis opp og vi må gjere det på ein sunn måte.