NRK Meny
Normal

Dei tek dalen sin tilbake – men Statnett har allereie sprengt 50.000 kubikkmeter stein

I løpet av få veker skal Statnett vere ute av Myklebustdalen i Bremanger, etter at dei tapte rettssaka mot grunneigarane. Grunnarbeidet skulle vera ferdig i oktober, men no er det full stopp, og Statnett veit ikkje kva som skjer vidare i saka ...

I løpet av få veker skal Statnett vere ute av Myklebustdalen i Bremanger, etter at dei tapte rettssaka mot grunneigarane.

TILBAKE: Grunneigarane får tilbake dalen sin etter at Statnett tapte rettssaka. Brynjar Myklebust er nummer to frå venstre.

– Eg er i den heldige situasjonen at eg ikkje jobbar i Svelgen så eg har sleppt å køyre fram og tilbake og sett på dette som er gjort her. Dei andre her jobbar Svelgen og må sjå på det kvar dag, så det har ikkje vore så kjekt, seier Brynjar Myklebust, ein av grunneigarane i Myklebustdalen.

Ikledd motstandaren sine klede, tek grunneigarane tilbake dalen sin.

Dei har vunne ein lang kamp som starta med at tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe bestemte seg for å gå vekk frå NVE tilråding om å leggje kraftlina i Førdedalen. Han la den heller til Myklebustdalen, og då gjekk grunneigarane til sak mot Statnett.

LES OGSÅ DESSE SAKENE:

Sprengt ut 50.000 kubikkmeter stein

Steinar Hysjulien

STOPPAR ARBEIDET: Steinar Hysjulien, byggeleiar i Statnett.

Foto: Silje Bråstad / NRK

I tingretten tapte dei, men Gulating lagmannsrett kom til motsett konklusjon: Samrøystes erklærte retten vedtaket frå Borten Moe som ugyldig, dermed får ikkje Statnett bygge linja gjennom Myklebustdalen.

– Det meste av produksjonsutstyr blir fjerna no i løpet av denne veka, seier Steinar Hysjulien, byggeleiar, grunn og betong i Statnett.

Men medan saka har gått i rettssystemet, har Statnett sprengt ut 50 000 kubikkmeter med stein, og køyrt til 50 000 kubikkmeter til.

– Vi hadde heile tida det nødvendige løyve til å byggje, så vi var heile tida på rett side av det. Vi måtte nytte dei høva vi hadde fordi dette er eit svært viktig prosjekt for å sikre straum til Midt-Norge i åra som kjem, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristian Pladsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen kraftlinje

MYKJE ER GJORT: Statnett var godt i gong med arbeidet i Myklebustdalen.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Veit ikkje kva som skjer vidare

Kristian Pladsen

VEIT IKKJE: Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristan Pladsen, veit ikkje kva som skjer vidare no.

Foto: NRK

Kva som skjer med det halvferdige anlegget og vegen vidare kan ikkje Olje- og energidepartementet seie noko om før dei har fått sett grundig på rettsavgjerda. Grunneigarane på si side er glade for at naturinngrepa skal ryddast opp i.

– Det blir jo sjølvsagt vanskeleg å få det til å bli slik det var, det skjønar ein jo når ein ser dette her, men det skal ein vel få til, seier Myklebust.

Uansett er Statnett no på veg ut av Myklebustdalen. Dei har ikkje teke stilling til om dei skal anka rettsavgjerda. Kor lenge bygginga av kraftlinja blir utsett er usikkert.

– Det veit vi ikkje. Det kjem til heilt an på den vidare prosessen, og det er ikkje opp til oss, seier Pladsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.