Hopp til innhold

Kraftlinevedtak frå 2011 kan hamne i kontroll- og konstitusjonskomiteen

Fredag vart det klart at Statnett får ikkje byggje kraftlina gjennom Myklebustdalen. No kan den opphavlege avgjerda om å byggje gjennom dalen hamne i Kontroll- og Konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

STORTINGET: Avgjerda om å leggje kraftlina

Foto: Hilde Myklebust

Grunneigarane i Myklebustdalen vann nemleg fram, og lagmannsretten avgjorde at vedtaket frå Olje- og energiminister Ola Borten Moe i 2011 er ugyldig.

Det er BT som melder at både Erik Skutle (H) og Rasmus Hansson frå Miljøpartiet De Grønne ønsker å ta opp saka i komiteen.

Bakgrunnen er at tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) i desember 2011 gjorde ei trasèendring på kraftlinja som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. I Bremanger skulle linja etter planen gå gjennom Førdedalen, men vart i staden lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen.

Skuldingar om kameraderi

Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen gjekk for at den omstridde kraftlinja skulle gå gjennom Førdedalen. Partifelle av Borten Moe, ordførar i Bremanger Karl Vidar Førde (Sp), bur tett ved Førdedalen, og har vore ein aktiv kritikar av at linja skulle gå nettopp der. I etterkant av traseendringa vekk frå Førdedalen har ordføraren fått skuldingar om kameraderi.

– Skuldingane om at eg har misbrukt stillinga mi er heilt feil, det har eg ikkje gjort, sa Førde den gongen.

Tidlegare denne veka sa han til Firdaposten at han tek skuldingane med fatning.

– Eg gjekk frå som ugild då saka var oppe i formannskapet, sa Førde til avisa.

– Ut over det har eg ikkje fleire kommentarar enn dei eg har gitt tidlegare

Grunneigarane vann fram i retten

Grunneigarane gjekk rettens veg for å stogge utbygginga gjennom Myklebustdalen. Statnett fekk medhald i tingretten, men fredag kunne grunneigarane juble då Gulating lagmannsrett gav dei medhald.

I dommen slår retten fast at det faktiske grunnlaget for vedtaket frå Borten Moe og Olje- og energidepartementet har så store manglar at det er ugyldig.

Kan hamne i komiteen

Men no kan altså det opphavlege vedtaket frå Olje- og energidepartementet frå 2011 hamne i kontroll og konstitusjonskomiteen.

– Det er definitivt ei sak som er av interesse for kontroll- og konstitusjonskomiteen. Mykje tyder på at dette no er ei avklart sak, rettsleg sett. Då må me sjå på om den politiske utøvinga har vore skjønnsam frå departementet og tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moes, seier Erik Skutle (H) til BT.

Han seier at dei er interessert i om retningslinene til Stortinget vart følgde i prosessen som leidde til avgjerda.

– Vi må då vurdere spørsmål om habilitet, om dokument er journalførte, og om Stortinget sine rammer for vern av naturreservat er følgde. Det er enno for tidleg å seie om ei formell sak vert opna, men det vil verte eit tema i kontrollkomiteen, seier Skutle til avisa.

Rasmus Hansson er klar til å ta opp saka, men vil vente for å sjå kva departementet gjer. Han reknar med at departementet sørger for at det vert søkt om konsesjon for alternative trasear.

– Dersom departementet følger opp raskt, vil det neppe vere grunnlag for sak i kontroll- og konstitusjonskomiteen. I motsett høve, vil det definitivt verte ei sak i komiteen, seier Hansson.

Olje- og energiminister Tord Lien seier dette til avisa.

– Statnett, som part i saka, vil sjølv ta stilling til om saka skal ankast. Departementet er informert om situasjonen som en følge av dommen.