Han er sjokkert over at Direktoratet for naturforvaltning har vedteke å stoppe taretråling i ni sjøfuglreservat i Sogn og Fjordane, sjå "Taretråling blir stogga".
Bryt med politiske vedtak
Vea meiner det er politisk bestemt at ein skal kombinere bruk og vern i desse områda og at direktoratet overkøyrer dette vedtaket. – Viss vi misser halvparten av ressursane kan ein ikkje seie at ein kombinere bruk og vern betre, seier Vea.
Trugar arbeidsplassar
Vea seier det kan bli mangel på råstoff i dei fabrikkane som foredlar taren, og han ser vedtaket i Direktoratet for naturforvaltning som eit trugsmål mot arbeidsplassane i denne industrien.