Hopp til innhold

Tareoppdrett skal bli milliardindustri - avkastninga let vente på seg

HYLLESTAD (NRK): Tarerevolusjonen har blitt varsla i fleire år. Kva er det som dryger? Fleire stader i landet prøver forskarar å knekke koden.

Asbjørn Dyrkorn Løland

FORSKAR PÅ TAREOPPDRETT: Asbjørn Dyrkorn Løland vil setje ut tareoppdrett i Hyllestadfjorden.

Foto: Linn Haug Eide / NRK

– Det blir litt som lotto, du må berre prøve å dyrke der det er ledig areal, fortel dagleg leiar i Akvahub, Asbjørn Dyrkorn Løland.

Det er vanskeleg å finne stader som gjev jamt gode vekstforhold år etter år. Selskapet Akvahub og samarbeidspartnarar har fått midlar til å forske på tareoppdrett.

Kva skal vi med tare?

Matproduksjonen må bli både effektiv og berekraftig i takt med ei veksande verdsbefolkning. Ei av løysingane kan vere taredyrking. Men det er kanskje ikkje mange av oss som ser for seg å ha tare på middagsbordet.

Forskarane har derimot store forhåpningar til kva tare kan brukast til i framtida

– Tare inneheld viktige mineral, antioksidantar og vitamin og vil garantert bli ein viktig del av framtidas kosthald, seier Asbjørn Dyrkorn Løland.

Han legg til at dei har snakka med aktørar som vil bruke tare i dyrefôr. Det er vist at grisefôr med tare, fører til betre helse hos dyra.

Prosjektleiar i Akvahub, Bettina Kvamme, fortel at tare og har andre eigenskapar. Overflata på tare kan ha antibakteriell verknad.

– Det kan potensielt brukast i medisin til menneske, eller til betre helse på fisk i oppdrett.

Tare

VIL SETJE UT TAREOPPDRETT: Bettina Kvamme og Asbjørn Dyrkorn Løland.

Foto: Linn Haug Eide

Internasjonal satsing på tare

Taredyrking blir omtalt som ei framtidsnæring med minimal miljøpåverknad. Selskapet Akvahub frå Hyllestad i Sogn er eit av fleire norske selskap som jobbar for at tare skal bli ei viktig næring i Noreg. Dei prøvar å finne ut kva som gjer eit område eigna for taredyrking.

Dei fekk nyleg pengar frå Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) til å setje i gang forsking på tareoppdrett.

Med partnarar på Island, Grønland og Skottland, vil dei utvikle små testanlegg. Dei små anlegga skal gje ein peikepinn på om eit område er godt eigna for tareoppdrett.

Det skal gjere det lettare for dei som vil starte med tareoppdrett i framtida.

Ved hjelp av eit slikt testanlegg skal ein kunne prøve ut eit område utan å måtte byrje med ei investering på mange millionar.

Hyllestadfjorden

HYLLESTADFJORDEN: I Hyllestadfjorden planlegg Akvahub å setje ut tareoppdrett neste år.

Foto: Linn Haug Eide / NRK

Tareoppdrett er enda i startfasen

Dyrkorn Løland legg ikkje skjul på at det er mange utfordringar å ta tak i.

– Det er ikkje nokon som har fått det til i stor skala. Det er litt fram før det er mange tareanlegg i fjordane rundt om kring.

Akvahub skal setje ut tareanlegg neste år. Dei skal samanlikne resultata sine med samarbeidspartar i andre land over fleire sesongar. Slik skal dei finne ut kva som kjenneteiknar eit godt dyrkingsområde for tare.