Hopp til innhold

Taretråling øydelegg ikkje for fiskane

Det er konklusjonen i ein ny rapport frå Havforskingsinstituttet. Men fiskarane er likevel skeptiske.

Ola Austring

IKKJE OVERTYDD: Fiskar Ola Austring i Selje vil frede havområde mot taretråling.

Foto: Steinar Lote / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har funne ut at taretråling har avgrensa innverknad på fiskebestanden, seier faggruppeleiar i Havforskingsinstituttet, Frithjof Moy.

– Er frykta for konsekvensane av taretråling overdriven då?

– Eg kan seie det slik, at det vi har sett, er at det i trålgatene der det vert tråla så vert mengda fiskeyngel redusert med 75 prosent. Men trålinga har berre effekt på seks prosent av tareskogen totalt sett i området. Når vi ser på den samla effekten vert den liten, held han fram.

forskarar slår no fast at taretråling har liten effekt på fisken. Tareskogen i havet er viktig for dyr og miljø, og fiskarane er difor skeptiske til haustinga av tare.

Tare er etterspurd

Langs norskekysten er havet fullt av tare. Dette er oppvekstområde for fisk, krabber og sjøfugl, i tillegg til at taren fangar opp mykje Co₂. Likevel vert det hausta om lag 160.000 tonn årleg, ofte til store protestar. Taren er etterspurd og vert mellom anna brukt av legemiddelindustrien.

Men om rapporten, som syner at følgjene for miljøet er små, vil gjere fiskarane mindre urolege, er uvisst.

Skeptisk til rapporten

Fiskar Ola Austring i Selje er skeptisk og framleis uroa. Han fryktar at rapporten kan føre til meir tråling.

– Den vert nok brukt for det den er verdt hos dei som driv med tråling.

– Vi kan godt lage rapportar. Men dette er så viktig at det må forskast på over lengre tid i fleire område. Og så får det koste kva det koste vil. Det er ikkje så farleg når vi ser kva det elles vert brukt pengar på i samfunnet, meiner fiskaren.

Frithjof Moy

FORSKAR: Frithjof Moy ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Vil frede havområde

Han er glad for at fiskarlaget og fylkesmannen no jobbar for å få freda områda sør for Stadhalvøya i Selje mot taretråling.

– Dette er ei veldig viktig sak. Når havbotnen vert skrapa med stort og tungt utstyr for å få opp taren, kan eg ikkje forstå anna enn at det gjer skade, meiner Austring.

Havforskar Frithjof Moy seier at rapporten no vert sendt vidare til Fiskeridirektoratet som skal lage ein nasjonal modell for kor mykje som kan haustast.

Tareskog i Porsanger

VIKTIG: Tareskogen er eit viktig oppvekstområde for fisk.

Foto: NIVA