Hopp til innhold

Tapte pengar på hovudproduksjonen

Opera Nordfjord gjekk med nesten ein halv million i underskot i fjor.– Vi veit nøyaktig kva som hende i fjor, og det var at billettsalet svikta på hovudproduksjonen, seier dagleg leiar Kari Standal Pavelich.

Opera Nordfjord har premiere på "Søner av sola"

FEKK SKRYT: Fjorårets storsatsing 'Søner av sola' vart godt motteke, men selde lite billettar.

Foto: Svein Nesbakk

Trass i storsatsing på å omsetje operaklassikaren «I puritani» av Vincenzo Bellini til nynorske «Søner av sola», eit stykke som fekk særs god mottaking, fekk ikkje Opera Nordfjord selt så mange billettar som dei skulle ønskje.

Kari Standal Pavelich

KRESENT PUBLIKUM: Dagleg leiar, Kari Standal Pavelich, meiner det har blitt vanskelegare å trekke folk etter kvart som operaen har vore gjennom dei store publikumsmagnetane.

Foto: Erlend Blålid Oldeide/Colourbox illustrasjon

– Vi har mykje større konkurranse frå andre aktørar, og det må vi berre ta innover oss. Heldigvis tolte vi det, då vi har lagt oss opp eigenkapital på oppfordring frå kulturdepartementet, seier Standal Pavelich.

Går tom for publikumsmagnetar

At dei store publikumsmagnetane er ferdigspelte på Opera Nordfjord er problematisk.

– Vi diskuterer stadig val av repertoar i styret. No er vi inne i vårt 18. produksjonsår, og då seier det seg sjølv at vi har vore gjennom dei mest kjende. Då blir det ei utfordring å selje billettar uansett kva tittel vi har på plakaten, seier Standal Pavelich.

No satsar dei på at marknadsføring i sosiale medium skal hjelpe dei over kneika.

– Vi jobbar mykje med videosnuttar på Facebook. Då synleggjer vi arbeidet vårt fram mot ei premiere eller ein konsert, seier ho.

– Publikum har blitt meir kresne

Den daglege leiaren har stor tru på at det er mogleg å kome seg på rett kjøl att.

– Produksjonen vi held på med no for eksempel, er veldig vakker både for auga og øyra. Så vi må berre halde fram i den tru at vi har noko å tilby folk.

Ho innrømmer at det blir vanskelegare og vanskelegare å få eit stort nok publikum til å sjå opera kvart år.

– Før var det slik at folk kom uansett. No er det meir slik at "nei, no vi var på opera i fjor og veit ikkje om vi skal i år." Så det er eit meir kresent publikum slik sett. Difor må vi prøve å nå ut på nye måtar, seier ho.