Hopp til innhold

Tapte konkurransen mot Fretex

FLORØ (NRK): Dei lokale attføringsbedriftene er svekka etter at dei tapte konkurransen mot Fretex. Nav har valt Fretex for sine avklarings- og oppfølgingstiltak i fylket. Framfor dei lokale bedriftene.

Origod, Florø

TAPE: Origod i Florø nådde ikkje opp i konkurransen med Fretex.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har eit mangfald. Fretex vil aldri kunne tilby noko slikt, seier administrerande direktør Petter Refsnes i Origod, og syner fram verkstadhallen deira.

Saman med Mentro i Førde og Sogneprodukt i Sogndal hadde han levert tilbod om å få halde fram som leverandør av avklarings- og oppfølgingstiltak i Sogn og Sunnfjord. I Nordfjord hadde ein In Via på Nordfjordeid og Mona Vekst på Sandane. Alle desse vart vraka til fordel for Fretex Vest, som no skal levere desse tenestene for NAV i Sogn og Fjordane.

Lærer norsk

I klasserommet i Florø er Abeba Tesfray frå Eritrea godt nøgd med lærarane sine.

Abeba Tesfray

PÅ NORSKKURS: Abeba Tesfray frå Eritrea godt nøgd med lærarane sine i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dei er flinke til å lære oss.

– Seier du det berre fordi dei står her med oss?

– Ja, ja seier Tesfray til høglydt latter frå dei andre elevane.

– Dei er veldig flinke, dersom eg treng hjelp så får eg det, seier Tesfray

Men frå hausten er det ikkje Origod som skal hjelpe desse elevane. Då er det Fretex.

Valde Fretex.

Tore Thorsnes

VALDE FRETEX: Tore Thorsnes er NAV-direktør i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er ei enkel forklaring på det. Dei hadde ikkje eit like godt tilbod som Fretex, seier Tore Thorsnes, sjefen for Nav i Sogn og Fjordane, og den som valde Fretex.

Konkurransen hadde 8–10 tilbydarar frå både Aust- og Vestlandet. Fretex kom best ut i ei samla vurdering av pris og kvalitet. Men dei er ikkje til stades i fylket frå før. Og det var heller ikkje eit kriterium som vart vurdert.

– Personleg så vil eg vel kanskje seie at det godt kunne vore eit kriterium i ein slik konkurranse. Det er tydelegvis ikkje vanleg å gjere i denne typen anbodskonkurransar, så det har vi ikkje hatt høve til å vurdere i det heile, seier Thorsnes.

Norskopplæring i Florø

NORSKOPPLÆRING: Ein handfull elevar frå ulike land skriv handleliste som ein del av norskopplæringa hjå Origod i Havreneset i Florø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nedbemanning

Petter Refsnes, adm. dir Origod

BUR SEG PÅ KUTT: Petter Refsnes er administrerande direktør i Origod.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skal du vere ei god attføringsbedrift så må du og ha eit minimum av kapasitet, kompetanse, fagmiljø og alt som ligg til det. Må det byggast ned så vil det føre til at det svekkjer bedriftene over tid, seier Refsnes.

– Det er klart at det betyr ei svekking av deira verksemd, vedgår Thorsnes.

Han syner til at det er politikarane som har bestemt at denne typen verksemd skal konkurranseutsetjast.

– Slik sett er alle bedrifter som driv i denne bransjen budde på at dei kan tape konkurransen, og dermed får eit svekka grunnlag for si verksemd. Det er sjølvsagt ubehageleg, men det gjeld i alle bransjar, seier Thorsnes.

I Florø må Petter Refsnes no vurdere nedbemanning på sikt.

– Det kan i verste fall bli konsekvensen, utan at vi så langt har trekt noko konklusjonar om det, seier Refsnes.